Kaukab Abu al-Hija
Kaukab Abu al-Hija | |||
כַּוּכַּבּ/כַּוַכַּב/כאוכב אַבּוּ אל-הִיגַ'א, كوكب أبو الهيجا, Kaokab Abu Al-Hija, Kawkab Abu al-Heija | |||
lokal kommune | |||
Namneopphav: Abu al-Hija-stjerna | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord | ||
Koordinatar | 32°49′52.83″N 35°14′55.33″E / 32.8313417°N 35.2487028°E | ||
Areal | 2,57 km² | ||
Folketal | 2 800 (2006) | ||
Folketettleik | 1 089 / km² | ||
Bystatus | 1984 | ||
Borgarmeister | Zaher Saleh | ||
Kaukab Abu al-Hija 32°49′53″N 35°14′56″E / 32.831388888889°N 35.248888888889°E | |||
Kart som viser Kaukab Abu al-Hija.
| |||
Wikimedia Commons: Kaukab Abu al-Hija |
Kaukab Abu al-Hija (arabisk كوكب أبو الهيجا, hebraisk כַּוּכַּבּ אַבּוּ אל-הִיגַ'א), ofte berre Kaukab, (som tyder «stjerne»),[1] er ein arabisk muslimsk landsby og lokal kommune i Nord distrikt i Israel i Nedre Galilea. Han ligg langs Hovudveg 784, mellom Shefa-'Amr og Karmiel, og nær Kafr Manda. Kaukab var tidlegare kontrollert av familien Abu al-Hija i Galilea.[2]
I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå hadde Kaukab eit folketal på 2 800 i 2005,[3].
Historie
[endre | endre wikiteksten]Det er mogeleg å sjå spor av ruinar frå bysantinske, romerske og greske busetnad i Kaukab, og det kan vere staden som heitte Kokhva, nemnt i Talmud,[4] men mange stader i nærleiken har det same namnet og ein kan ikkje vite sikkert kven som var Kokhva.[5]
Kaukab vart grunnlagd like ved grava til Husam ad-Din Abu al-Hija, ein av løytnantane til Saladin, og er heilag for lokale muslimar. Han er derfor kalla Kaukab Abu al-Hija for å skilje han frå fleire andre arabisk landsbyar med same namnet.[6][4]
I 1517 vart landsbyen ein del av Det osmanske riket i lag med resten av Palestina, og i 1596 stod han oppført i osmanske skattelister med namnet «Kawkab Bani Krad» og låg i Akka nahiya (underdistrikt) i Safad liwa med eit folketal på 41 hushaldningar og 8 ungkarar, alle muslimar. Han betalte skattar av ei rekkje avlingar, inkludert kveite og bygg, sommaravlingar, frukttre, i tillegg til geiter og/eller bikubar.[7]
I 1875 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin Kaukab, og skildra han som ein liten landsby med kring 250 innbyggjarar, på eit fjell i ei høgd på 425 meter over havet. Han noterte òg ein waly (heilag mann) tileigna sjeik Ali.[5]
I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Kaukab eit folketal på 222, alle muslimar,[8] som i folketeljinga i 1931 hadde auka til 285, framleis berre muslimar, i totalt 57 hus.[9]
I 1938, under arabararopprøret i Palestina i 1936–1939, vart landsbyen øydelagd og treskegolv brend av britiske soldatar under ein hemnaksjon.[10] I 1945 var folketalet 490, alle arabarar, med 18 674 dekar land, i følgje ei offisiell landmåling.[11] Av dette var 332 dekar for plantasjar og irrigert land, 1 657 for korn,[12] medan 10 dekar vart utbygd land.[13]
Under Operasjon Hiram, 29-31. oktober 1948, overgav landsbyen seg til den framrykkande israelske hæren. Mange av landsbybuarane flykta nordover, men somme vart verande att og vart ikkje drivne bort av dei israelske soldatane.[14] Landsbyen vart verande i unntakstilstand fram til 1966.
I 1973 hadde folketalet vokse til 1 340. Kaukab fekk status som lokal kommune i 1984.[2]
Heilagdomen Abu al-Hija
[endre | endre wikiteksten]Nord for landsbyen ligg heilagdomen og grava til Abu al-Hija (òg skrive Abu al-Hayja), eit bygg med to kuplar med ein plass i midten. På den firkanta plassen er det to gravminnesmerke, eit på kvar side av døra inn til heilagdomen. Gravminne vest for døra høyrer til Ali Badawi Abu al-Hija, som døydde i 1183 H (1769), det aust for døra har inskripsjon datert til 1181 H (1767-1768). Inngangen til heilagdomen er gjennom den austlege kuppelen. Dette er eit bønekammer, og har ein mihrab (bønenisje) i sørveggen. Det neste kammeret har to gravminnesmerke, det eine høyrer til grunnleggjaren av al-Hija-landsbyane i Galilea.[15][16] Gravplassen i landsbyen ligg kring grava. Det er to andre store graver i landsbyen, dei til sjeikane Hassan og Sayeed.
Fredsskulpturar
[endre | endre wikiteksten]Etter at Oslo-avtalen vart signert i 193, vart ideen om ein skulpturhage i Kaukab sett i gang av den lokale kommunen, i lag med Beit Hagefen, det arabisk-jødiske senteret i Haifa. Hagen var tileigna fred og sameksistens. Skulpturhagen strekkjer seg over to åstoppar med andre stykke spreidd kring landsbyen og inngangen. Skulpturane vart gjevne bort av israelsk-arabiske og jødiske kunstnarar, og palestinske kunstnarar.[17]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- Ein Hod, ein annan Abu al-Hijein landsby
- Arabiske stader i Israel
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kaukab Abu al-Hija» frå Wikipedia på engelsk, den 31. januar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, Herbert H. (1881). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 1. London: Committee of the Palestine Exploration Fund. ( s.268 )
- Guérin, Victor (1880). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestine. Vol 3; Galilea, pt. 1.
- Hadawi, Sami (1970), Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine, Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral s.62[daud lenkje]
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft.
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestina.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder and Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Petersen, Andrew (2001). A Gazetteer of Buildings in Moslem Palestine: Volume I (British Academy Monographs in Archeology). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-727011-0.
- Slyomovics, Susan (1998). The object of memory: arabarar and Jew narrate the palestinsk landsby (Illustrated utg.). University of Pennsylvania Press. ISBN 0-8122-1525-7. (winner of the 1999 Albert Hourani Book Award)
- ↑ Palmer, 1881, s.110
- ↑ 2,0 2,1 Kaokab Abu Al-Hija (Israel) Gutterman, Dov. Flags of the World.
- ↑ «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 1 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 31. desember 2007. Henta 12. januar 2015.
- ↑ 4,0 4,1 HaReuveni, Immanuel (1999). Lexicon of the Land of Israel. Miskal - Yedioth Ahronoth Books and Chemed Books. s. 476. ISBN 965-448-413-7. (he)
- ↑ 5,0 5,1 Guérin, 1880, s. 488
- ↑ Vilnai, Ze'ev (1976). «Kaukab». Ariel Encyclopedia. Volume 4. Israel: Am Oved. s. 3524. (he)
- ↑ Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 194
- ↑ J. B. Barron, red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestina. Table XI, Underdistrikt of Nasaret, s. 38.
- ↑ Mills, 1932, s. 74
- ↑ Jacob Norris (2008). «Repression and Rebellion: Britain's response to arabarane Revolt in Palestina of 1936-39». The Journal of Imperial and Commonwealth Historie 36: 25–45. doi:10.1080/03086530801889350.
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 62[daud lenkje]
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 109[daud lenkje]
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 159[daud lenkje]
- ↑ Morris, Benny (1987) The birth of the Palestinian refugee problem, 1947-1949. Cambridge University Press. ISBN 0-521-33028-9. s.226
- ↑ Petersen, 2001, s. 196-197
- ↑ Slyomovics, 1998, s. 130 -131.
- ↑ http://mfa.gov.il/MFA/MFA-Archive/1999/Pages/Sculptures%20for%20Peace%20at%20Kaukab%20Abu%20El-Hija.aspx