Kastanjevenghokko
Kastanjevenghokko | |
Kastanjevenghokko Foto: Wikimedia-brukar Strongilocentrotus
| |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Kastanjevenghokko | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Hønsefuglar Galliformes |
Familie: | Hokkoar Cracidae |
Slekt: | Ortalis |
Art: | Kastanjevenghokko O. garrula |
Vitskapleg namn | |
Ortalis garrula |
Kastanjevenghokko (Ortalis garrula) er ein fugl i hokkofamilien, og er endemisk for Colombia med utbreiing i nordlege Antioquia-departementet nordover til sørlege Magdalena.
Dette er ein mellomstor hokko, ca. 53 cm i lengd. Vekta ligg rundt 630 til 750 gram. Kjønna er like, men hannar er truleg større enn hoer. Vaksne fuglar har brun overside, brunt strupeområde og bryst, elles lys underside, halen er mørk med ein lys tupp. Morfologi og kroppsform er elles som hos andre slekta, dei har relativt lang hals og ein lang hale, kraftig, litt nedbøygd nebb og kraftige føter. Ungfuglar er ikkje skildra.
Kastanjevenghokkoar beitar i flokkar og er truleg standfuglar.
Lite er kjent om hekkevanar, men dei legg vanlegvis tre egg i kullet. Hofuglen rugar egga i 26 dagar.
Storleiken på populasjonen er ikkje kjent, men han er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som livskraftig fordi han er utbreidd i eit 110 000 km2 stort område i nordlege Colombia.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- del Hoyo, J., Collar, N. & Christie, D.A. (2014). Chestnut-winged Chachalaca (Ortalis garrula) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2014). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 6. april 2015
- BirdLife International (2015) Species factsheet: Ortalis garrula Arkivert 2015-04-12 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 6. april 2015