Kantonen Fribourg
Fribourg | |||
Freiburg, Friburgo, Friburg | |||
kanton | |||
|
|||
Forkorting: FR | |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Del av | Romandie, Espace Mittelland | ||
Hovudstad | Fribourg | ||
Høgaste punkt | Vanil Noir | ||
• høgd | 2 389 moh. | ||
Areal | 1 671,36 km² | ||
Folketal | 318 714 (31. desember 2018)[1] | ||
Kanton sidan | 1481 | ||
Kantonen Fribourg 46°43′00″N 7°05′00″E / 46.716666666667°N 7.0833333333333°E | |||
Kart som viser Kantonen Fribourg.
| |||
Wikimedia Commons: Canton of Fribourg |
Fribourg er ein kanton i det vestlege Sveits, på søraustsida av Neuchâtelsjøen. Kantonen har eit areal på 1 671 km2, og hadde om lag 320 000 innbyggarar i 2018. Byen Fribourg er hovudstad i kantonen.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Fribourg grensar til kantonane Bern i nord og aust, og Vaud i sør og vest. På motsett side av Neuchâtelsjøen ligg kantonen Neuchâtel. Fribourg har tre eksklavar i Vaud og ein i Bern, medan Bern har to enklavar i Fribourg.
Landskapet er ganske flatt i den vestlege delen av kantonen, medan det i aust stig opp og inn i Bern-Alpane. Neuchâtelsjøen på 429 moh er det lågastliggande punktet i kantonen, medan den 2 389 meter høge fjelltoppen Vanil Noir på grensa mot Vaud er det høgste punktet. Elva Saane renn frå sør til nord gjennom kantonen, ho samlar opp i seg størstedelen av nedbøren i kantonen. I nordvest grensar Moratsjøen opp mot kantonen.
Språk og samfunn
[endre | endre wikiteksten]16,7 % av innbyggarane er utanlandske statsborgarar. Fransk er det mest utbreidde talemålet i Fribourg, om lag to av tre er fransktalande. Resten talar ulike alemanniske dialektar. I kring 70 % av folket soknar til den romersk-katolske kyrkja, og ei 15 % er protestantar.
Distrikt og kommunar
[endre | endre wikiteksten]Fribourg består av 168 kommunar som er samanslutta i sju distrikt. Dei sju distrikta er; Broye, Glâne, Gruyère, Sarine, Lac, Sense og Veveyse.
Dei største byane er kantonshovudstaden Fribourg og Bulle.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Kantonen Fribourg slutta seg til den sveitsiske konføderasjonen i 1481. Området består av land som hovudstaden Fribourg har skaffa seg. Dagens storleik/flatevidd vart nådd i 1803 då kommunen Murten vart lagt til kantonen, mot viljen til dei fleste innbyggarane på staden.
Kantonen Fribourg slutta seg i 1846 til separatististrørsla av katolske kantonar, det såkalla Sonderbund. Etter den sveitsiske borgarkrigen i 1847, overgav Fribourg sine troppar seg til den føderale hæren.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Bilanz der ständigen Wohnbevölkerung nach Kanton, definitive Jahresergebnisse, 2018». statistisk byrå. Henta 28. august 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Canton of Fribourg» frå Wikipedia på engelsk, den 26. august 2011.