Hopp til innhald

Juzjnyj

Koordinatar: 71°45′N 53°55′E / 71.750°N 53.917°E / 71.750; 53.917
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Juzjnyj er òg det tidlegare namnet på den ukrainske byen Juzjne.
Juzjnyj
øy
Land  Russland
Del av Novaja Semlja
Areal 33 275 km²
Folketal 2 716
Kart
Juzjnyj
72°N 54°E / 72°N 54°E / 72; 54
Wikimedia Commons: Yuzhny Island

Juzjnyj (russisk skrift Южный) er den sørlege av dei to store øyane i Novaja Zemlja (Gåselandet) nord i Russland. Namnet tyder 'sørleg'. Ho har eit areal på 33 275 km² og sjølv om ho er mindre enn naboøya i nord, Severnyj, er ho ein av dei største øyane i verda (41. største).

Øya var opphavleg heim for nenetsfolket, men vart stort sett evakuert i 1950-åra då Sovjetunionen starta med atomprøvespreningar her.[1]

Juzjnyj er kjend for dei store koloniane med sjøfugl. Vegetasjonen på øya består stort sett av tundra.

71°45′N 53°55′E / 71.750°N 53.917°E / 71.750; 53.917