Johanna
Utsjånad
Johanna og Johanne er kvinnenamn danna som ei hokjønnsform av det greske namnet Johannes, som tyder 'Gud er nådig'.
Kortformer av namnet i norsk er Hanna, Hanne, Janna og Janne. Jankva (slavisk), Joan, Jane (engelsk) og Jeanne (fransk) er døme på andre former av namnet.
Johanna og Johanne har namnedag i Noreg den 21. juli.
Bruken av namnet i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Namnet har vore mykje brukt i Noreg, men fall i popularitet ut over 1900-talet. Dei siste tjue åra har populariteten til namnet stige.
Nordmenn som oppgav Johan(n)a eller Johanne som fornamn i folketeljingane:
- 1801: Ca. 9 800
- 1900: Ca. 32 200
Bruken i dag:
- 2007: Ca. 1950 hadde Johanna til første fornamn
- 2007: Ca. 4760 hadde Johanne til første fornamn
Johanna som bibelsk namn
[endre | endre wikiteksten]- Johanna, ei av kvinnene som fylgde Jesus, og som sidan vart blant dei første til å vitne om at han va stått opp or grava (Evangeliet etter Lukas, 8.3 og 24.10)
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Jeanne d'Arc (1412-1431) eller Johanna frå Orléans, fransk fridomshelt og helgen
- Johanna Schwartz, norsk forfattar
- Johanna av Castilla (1479-1555), spansk dronning, kjend i historia som Johanna den vanvittige grunna ei sinnsliding.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Johanne hjå Statistisk Sentralbyrå
- Folketeljingar i Digitalarkivet