Johan Ludvig Heiberg
Johan Ludvig Heiberg | |
Statsborgarskap | Kongeriket Danmark |
Fødd | 14. desember 1791 København |
Død |
25. august 1860 (68 år) |
Yrke | matematikar, lyrikar, skribent, litteraturkritikar, universitetslærar, skodespelforfattar, filosof, litteraturhistorikar |
Far | Peter Andreas Heiberg |
Mor | Thomasine Gyllembourg |
Ektefelle | Johanne Luise Heiberg |
Johan Ludvig Heiberg på Commons |
Johan Ludvig Heiberg (14. desember 1791–25. august 1860) var ein dansk dramatikar og mektig kritikar frå København. Han var 1849-56 sjef for Det Kongelige Teater i København.
Heiberg var lektor i dansk ved universitetet i Kiel frå 1822 til 1825. Der vart han kjend med filosofien til Georg Wilhelm Friedrich Hegel,[1] noko som vart skiljesetjande for synet hans på kunst og kultur. Etter at han kom tilbake til København, fekk Heiberg åra 1825-27 oppført fire vaudevillar, med stor suksess. Seinare kom fleire romantiske stykke, særleg kjend vart Elverhøj frå 1828.[1]
Frå 1827 gav Heiberg ut det estetiske tidsskriftet Københavns flyvende Post,[1] eit skrift som øvde stor makt over samtidig dansk litteratur og kultur. Han kritiserte og arbeidde iherdig mot liberale idear og uttrykk, noko som mellom anna førte til at han på 1850-talet forkasta nokre av Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson sine tidlege stykke.[1] Heiberg sitt mest personlege verk er Nye Digte frå 1840, eit arbeid som inneheld både filosofiske dikt, ein romansyklus og ein komedie.[1]
I 1831 gifta Heiberg seg med skodespelaren Johanne Luise Pätges, og frå 1849 var han i sju år sjef for Det Kongelige Teater.[1]