Johan Albert Hoff
Utsjånad
Johan Albert Hoff | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 28. juli 1866 |
Død | |
Yrke | politikar |
Språk | norsk |
Johan Albert Svendsen Hoff (28. juli 1866–1941) var ein pressemann og stortingsmann frå Sandsvær i Buskerud. Han representerte partiet Venstre.
Hoff var son til ein gardbrukar. I sine yngre år gjekk han to kurs på folkehøgskular. Han vart redaksjonssekretær i Drammen i 1891, året etter fekk han stilling som redaktør av avisa «Tunsbergeren» i Tønsberg. Hoff var medlem av Tønsberg bystyre 1898-1907 og 1911-??, ei tid varaordførar.
Hoff representerte bykrinsen Tønsberg på Stortinget perioden 1906-09. Han var då medlem av militærkomiteen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914