Jiří Raška
Jiří Raška | |
Statsborgarskap | Tsjekkia, Tsjekkoslovakia |
Fødd | 4. februar 1941 Frenštát pod Radhoštěm, Plzeň |
Død | 20. januar 2012 (70 år) Nový Jičín |
Idrett | skihopping |
Tok del i | Vinter-OL 1972, Skihopping under Vinter-OL 1968 – Normalbakke, Skihopping under Vinter-OL 1968 – Stor bakke |
Utmerkingar | Den tsjekkiske republikks fortjenstmedalje |
Jiři Raška (4. februar 1941–20. januar 2012) var ein tsjekkisk skihoppar, som i si tid som aktiv konkurrerte for Tsjekkoslovakia. Han vann gullmedaljen i normalbakken og sølvmedaljen i storbakken under vinter-OL 1968 i Grenoble. I VM 1970 fekk han sølvmedaljen i storbakken. 1970/71 vann han den tysk-austerrikske hoppveka, og i 1972 fekk han bronsemedaljen i skiflygings-VM. Han var fødd i småbyen Frenštát pod Radhoštěm, på den tid i det tysk protektoratet Böhmen und Mähren. Raška døydde i Nový Jičín etter lengre tids sjukdom.[1]
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Raška markerte seg internasjonalt først i 1966. Etter å ha vorte nummer fem i avslutningsrennet under den tysk-austerrikske hoppveka kom han på åttandeplass samanlagt. Under ski-VM 1966 i Oslo kom han på fjerdeplassen i begge renna, nærast bronsemedaljen var han i storbakken der han med 203,9 poeng var 0,7 poeng bakom Kjell Sjöberg frå Sverige. I den tysk-austerrikske hoppveka 1966/67 vart han nummer sju samanlagt, etter å ha vorte nr 2 i avslutningsrennet i Bischofshofen, bakom hoppvekevinnaren Bjørn Wirkola. Same Wirkola vann også dei to neste hoppvekene, 1967/68 og 1968/69, då med Raška på andreplassen i samandraget. Begge dei to hoppvekene vann Raška avslutningsrennet i Bischofshofen.
Høgdepunktet for Raška vart vinter-OL 1968 i Grenoble. Han vart då olympisk meister i normalbakken, med 216,5 poeng slo han austerrikaren Reinhold Bachler med 2,3 poeng. I storbakkerennet kniva han med sovjetiske Vladimir Belousov om gullet, med 229,4 poeng hamna han 1,9 poeng bakom gullvinnaren Belousov.
I ski-VM 1970 i Štrbské pleso vann Raška sølvmedaljen i storbakken, men var langt bak den doble verdsmeisteren Garij Napalkov frå Sovjetunionen. Han vart nummer åtte i normalbakken. Ein månad i førevegen hadde Raška vunne to renn i den tysk-austerrikske hoppveka og vorte nummer fire samanlagt i hoppveka. Året etter vann han hoppveka samanlagt etter å ha kom på andreplassen i dei tre siste av dei fire renna. Med 948,0 poeng vann han med 7,8 poeng over Ingolf Mork som tapte hoppvekesigeren med eit fall i rennet i Innsbruck.
I hoppveka 1971/72 kom Raška på sjetteplassen samanlagt. Enno ein gong kom hans beste resultat i Bischofshofen, andreplass med 233,0 poeng var 0,6 poeng mindre enn rennvinnaren Wirkola. Under vinter-OL 1972 i Sapporo kom Raška på femteplassen i normalbakken og vart nummer 10 i storbakken. Same sesongen vann han bronsemedaljen i det aller første verdsmeisterskapen i skiflyging i Planica.
Etter svakare plasseringar i 1973 og 1974 deltok Raška i nasjonale tevlingar fram til 1979. Åra 1994-96 var han med i leiinga for det tsjekkiske hopplandslaget.
Notar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Dagbladet.no – Hopplegenden Jiri Raska er død (av NTB. Publisert og besøkt 21. januar 2012)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) Jiří Raška – Profil og resultatoversikt hos FIS
- Denne artikkelen bygger på «Jiří Raška» frå Wikipedia på tysk, den 21. januar 2012.
- Einskildmenn
- Fødde i 1941
- Døde i 2012
- Tsjekkoslovakiske skihopparar
- Tsjekkiske skihopparar
- Verdsmeistrar i skihopping
- Olympiske meistrar for Tsjekkoslovakia
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Tsjekkoslovakia
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1968
- Tsjekkoslovakiske deltakarar under vinter-OL 1968
- Skihopparar under vinter-OL 1968
- Tsjekkoslovakiske deltakarar under vinter-OL 1972
- Skihopparar under vinter-OL 1972