Hopp til innhald

Jefferson Davis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jefferson Davis

President i CSA
Periode18. februar 186110. mai 1865
PartiDet demokratiske partiet i USA
Fødd3. juni 1808 i Christian County i Kentucky
FødestadFairview
Død6. desember 1889 i New Orleans i Louisiana
DødsstadNew Orleans
MorJane Cooke
FarSamuel Emory Davis
EktefelleVarina Howell
BarnVarina Anne Davis, Margaret Howell Davis Hayes
FøregangarIngen
EtterfølgjarIngen

Jefferson Davis (3. juni 18086. desember 1889) var ein amerikansk offiser, politikar og president for Sørstatskonføderasjonen. Han representerte det demokratiske partiet.

Davis var fødd i Christian County i Kentucky.

Han var senator i USA frå 1847 til 1851 og frå 1857 til 1861. Han var forsvarsminister i USA frå 1853 til 1857. Under den amerikanske borgarkrigen var han president for Confederate States of America (CSA), sørstatane i borgarkrigen. Han var president frå 1861 til 1865, då sørstatane måtte gje tapt for nordstatane i den amerikanske borgarkrigen.

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.