Jean-Claude Killy
Jean-Claude Killy | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 30. august 1943 (81 år) Saint-Cloud |
Yrke | alpinist, skodespelar, tollar, racerbilfører |
Språk | fransk |
Høgd | 178 centimeter |
Medlem av | Den internasjonale olympiske komitéen |
Ektefelle | Danièle Gaubert |
Jean-Claude Killy på Commons |
Jean-Claude Killy (fødd 30. august 1943) er ein fransk tidlegare alpinist og seinare idrettsleiar som vann alle tre gullmedaljane i dei alpine øvingane for menn under Vinter-OL 1968. To år tidlegare vart han verdsmeister i utfor og i kombinasjonen, med sine OL-sigrar i slalåm og utfor i 1968 fekk han VM-gull i kombinasjonen også då. Han vann verdscupen i alpine greiner både i 1967 og i 1968, dei fyrste to åra turneringa var i gang.
Utøvar
[endre | endre wikiteksten]Killy er fødd i Saint-Cloud i departementet Hauts-de-Seine, men voks opp i Val-d’Isère. I 1964 vart han nummer fem i storslalåm under vinterleikane i Innsbruck. Sommaren 1966 kopierte han plasseringa i same øvinga under alpin-VM i Portillo, hadde då allereie vunne utforrennet framfor landsmannen Léo Lacroix. Ein åttandeplass i den avsluttande slalåmtevlinga var nok til at Killy sikra seg gullmedaljen også i kombinasjonen, endå ein gong med Lacroix på sølvplass.
I 1967 gjekk Killy til topps i den fyrste verdscupen i alpine greiner. Han var heilt suveren og vann pokalen i alle tre øvingane; slalåm, storslalåm og utfor. Også i 1968 triumferte Killy i verdscupen, då han i tillegg var den beste storslalåmrennaren gjennom sesongen. I alt vann Killy 18 renn i verdscupen dei to sesongane han deltok.
Toppen for Killy kom under Vinter-OL 1968, på fransk heimegrunn i Grenoble. Han vann OL-gull i alle dei alpine greinene; både slalåm, storslalåm og utfor. Killy var suveren i storslalåm-tvelinga, men vann med knapp margin i både utfor og slalåm, i utfor var han åtte hundredels sekund føre landsmannen Guy Périllat og i slalåm slo han Herbert Huber frå Austerrike med ni hundredels sekund. Killy vart automatisk verdsmeister i kombinasjonen med sine sigrar i utfor og slalåm.
Leiar
[endre | endre wikiteksten]Killy var nestleiar for Vinter-OL 1992 i Albertville, og deretter leiar av Société du Tour de France frå 1992 til 2001. Sidan 1995 har Killy vore medlem av den internasjonale olympiske komiteen (IOK).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Sportsboken, aktuelle årgangar