Jakobittopprøret i 1745
Jakobittopprøret i 1745 | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av Jakobittopprøra | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Kongeriket Storbritannia | Jakobittar Kongeriket Frankrike | ||||||
Kommandantar | |||||||
Jakobittopprøret i 1745, også kjent som Forty-five Rebellion eller berre The '45 (skotsk gælisk Bliadhna Theàrlaich, [ˈpliən̪ˠə ˈhjaːrˠl̪ˠɪç], bokstaveleg 'Karlsåret'), var eit forsøk av Karl Edvard Stuart på å ta tilbake den britiske trona for far sin, Jakob Edvard Stuart. Oppreisten gjekk føre seg under den austerrikske arvefølgjekrigen, då det meste av den britiske hæren kriga på Kontinentet. Han blei likevel slått ned, og viste seg å vera det siste av jakobittopprøra som hadde byrja i 1689 med større utbrot i 1708, 1715 og 1719.
Karl byrja opprøret 19. august 1745 ved Glenfinnan i Det skotske høglandet. Han erobra Edinburgh og sigra i slaget ved Prestonpans i september. Ved eit rådsmøte i oktober gjekk skottane med på å invadera England etter at Karl gav dei forsikringar om solid støtte frå engelske jakobittar samstundes som franske troppar ville gjera landgang i Sør-England. På dette grunnlaget gjekk jakobitthæren inn i England tidleg i november. Dei nådde Derby den 4. desember, og bestemte seg for å venda tilbake til Skottland der.
Ein hadde tidlegare diskutert tilbaketrekking i Carlisle, Preston og Manchester, og mange i hæren meinte allereie at dei hadde gått for langt. Invasjonsruta var blitt vald for å gå gjennom område som var rekna som sterkt jakobittiske, men den lova engelske støtta uteblei, og jakobitthæren var no underlegen i tal og i fare for å bli avskoren frå ein mogleg retrett. Det store fleirtalet i hæren støtta tilbaketrekkinga, men ho førte til ei uoppretteleg splitting mellom Karl og dei skotske støttespelarane hans. Trass i ein siger ved Falkirk Muir i januar 1746, gjorde slaget ved Culloden i april slutt på opprøret og mykje av støtta for Stuart-saka. Karl rømte til Frankrike, men klarte ikkje å vinne støtte for eit nytt forsøk. Han døydde i Roma i 1788.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Den ærerike revolusjonen i 1688 erstatta Jakob II og VII med den protestantiske dottera hans Maria og den nederlandske ektemannen hennar Vilhelm, som herska som sams monarkar av England, Irland og Skottland. Verken Maria, som døydde i 1694, eller syster hennar Anne hadde barn som overlevde dei. Dette gjorde den katolske halvbroren deira Jakob Edvard Stuart til den næraste naturlege arvingen. Act of Settlement frå 1701 utelukka katolikkar frå arvefølgja, og då Anne blei dronning i 1702, var arvingen hennar den fjerne slektningen, men protestanten Sophia av Hannover. Sophia døydde i juni 1714, medan Anne døydde to månader seianre, i august. Sonen til Sophia arva trona som Georg I.[1]
Ludvig XIV av Frankrike, som var den viktigaste støttespelaren for stuartane i eksil, døydde i 1715. Etterfølgjarane hans trengte fred med Storbritannia for å kunna byggja opp att økonomien.[2] Den anglo-franske alliansen frå 1716 gjorde at Jakob måtte forlata Frankrike. Han slo seg ned i Roma med støtte frå paven, noko som gjorde han endå mindre attraktiv å støtta for protestantar, som utgjorde det store fleirtalet av dei britiske støttespelarane hans.[3] Jakobittopprør både i 1715 og 1719 hadde slått feil.[4] Seniorstøttespelarar i eksil, som Bolingbroke, fekk nåde og vende heim eller blei tilsette andre stader. Fødslane til sønene Karl og Henry hjelpte til med å halda på interessa for stuartane, men i 1737 blei Jakob rapportert å «leva fredeleg i Roma etter å ha gjeve opp alt håp om ein restaurasjon».[5]
Samstundes såg franske statsmenn på slutten av 1730-talet på den britiske handelsekspansjonen som hadde føregått sidan 1713 som eit trugsmål mot den europeisk maktbalansen, og stuartane som eit av fleire moglege middel for å redusera han.[6] Eit mindre opprør var likevel mykje meir kostnadseffektivt enn ein kostbar restaurasjon til trona, særleg ettersom det ikkje var sannsynleg at stuartane var meir franskvennlege enn hannoverane.[a] Dei skotske høglanda var ein ideell stad for opprøret, på grunn av den føydale klanstrukturen sin, det at dei låg fjernt og ulendt til. Mange skottar var likevel klare over at eit opprør ville vera øydeleggjande for den lokale folkesetnaden.[7]
Motstand mot skattar innførte av styremaktene i London førte til oppreistar mot maltskatten i 1725 og Porteous-opprøra i 1737. I mars 1743 blei 42nd Regiment of Foot, som var rekruttert frå Høglanda, sendt til Flandern. Dette var i strid mot ei forståing om at dei berre skulle tena i Skottland, og førte til eit kortliva opprør.[8] Opprør kring løn og tilhøve var ikkje uvanlege, og dei verste opprøra i 1725 fann stad i Glasgow, ein by Karl omtalte i 1746 som ein stad «der eg ikkje har nokon vennar og der ingen prøver å skjula det.»[9]
Handelsdisputtar mellom Spania og Storbritannia førte til krigen om øyra til Jenkins i 1739, og den austerrikske arvefølgjekrigen følgde i 1740–41 . Etter lang fartstid som britisk statsminister blei Robert Walpole nøydd til å gå av i februar 1742 av ein allianse av toriar og Walpole-motstandarane kjende som Patriot Whigs, som så heldt partnarane sine ute frå regjeringa.[10] Rasande toriar som hertugen av Beaufort bad om fransk hjelp til å få Jakob tilbake på den britiske trona.[11] Medan det tydeleg gjekk mot krig mot Storbritannia såg den franske leiande ministeren kardinal Fleury på jakobittane som upålitelege fantastar, eit syn dei fleste franske ministrar delte med han.[7] Marquis D'Argenson, som blei utnemnd til utanriksminister av Ludvig XV etter at Fleury døydde i januar 1743, var eit unntak.[9]
Jakobittisme i Storbritannia etter 1715
[endre | endre wikiteksten]Sjølv om jakobittismen framleis var ei betydeleg politisk rørsle i 1745, var interne splittingar blitt stadig tydelegare under opprøret. Historikaren Frank McLynn identifiserer sju hovudfaktorar som dreiv rørsla, med Stuart-lojalitet som den minst viktige.[12] Særleg estimat av engelsk støtte blanda saman likesæle knytt til hannoverarane med entusiasme for stuartane.[3]
Seniorrådgjevarane til Karl inkluderte eksil-irar som John O'Sullivan, som ville oppnå eit autonomt, katolsk Irland og tilbakeføring av land som var blitt konfiskert etter dei irske konfødererte krigane.[13] Jakob II gav løfte om å oppfylla desse ønska som løn for irsk støtte i den vilhelminske krigen 1689–91, og berre ein Stuart på den britiske trona kunne sikra at dei blei oppfylte.[14]
I England og Wales var dei som hadde jakobitt-sympatiar generelt også toriar, som føretrakk ein merkantilistisk strategi som la vekt på å verna britisk handel. Herredøme over land blei sett på som kostbart, og fyrst og fremst til fordel for Hannover.[15] Dette var særleg eit sterkt syn i City of London, men diplomatar merka seg også at motstand mot handlingar i utlandet berre var til stades når engelsk handel ikkje var truga.[16]
Jakobittopprøret i 1715 i England og Wales leid av å vera sett på som eit hovudsakleg katolsk opprør, sidan dei fleste toryar var sterkt imot katolisismen.[17] Etter 1720 nekta Walpole å handheva antikatolske straffelovar, og mange katolikkar blei støttespelarar for styresmaktene, mellom anna hertugen av Norfolk, den uoffisielle leiaren for dei engelske katolikkane. Han var blitt dømt til døden etter opprøret i 1715, men fekk nåde. Då det nye opprøret tok til i 1745 var han i London, og vitja Georg II for å stadfesta lojaliteten sin.[12]
I 1745 var sjølv toryar som var sympatiske til Stuart-saka langt meir opptatt av å sikra forrangen til Den engelske kyrkja. Dette inkluderte å forsvara henne frå Karl og dei katolske rådgjevarane hans, dei skotske presbyterianarane som utgjorde hovuddelen av hæren hans eller ikkje-konformistar generelt; mange «jakobittiske» demonstrasjonar i Wales stamma frå fiendtlegheit mot den walisiske metodistiske vekkinga frå 1700-talet.[18] Dei jakobittiske eksilane forstod ikkje desse skilnadane eller i kva grad tory-støtta kom frå politisk usemje med whiggane, ikkje Stuart-lojalitet.[15]
Den mest framståande walisiske jakobitten var sir Watkin Williams-Wynn, ein landeigar frå Denbighshire, parlamentsmedlem frå Tory-partiet og leiar for den jakobittiske White Rose-organisasjonen. Han traff Stuart-agentar fleire gonger mellom 1740 og 1744, og lova støtte «if the Prince brought a French army». Han var i London under opprøret, og blant walisiske landeigarar deltok berre to advokatar, David Morgan og William Vaughan.[19]
Etter oppreisten i 1719 blei det innført nye straffer mot geistlege som nekta å sverja truskap til Hannover-regimet i staden for stuartane.[20] For dei fleste engelske såkalla nonjuring clergy var spørsmålet om det var tillate å sverja truskap to gonger, og derfor blei problemet naturleg nok mindre etter kvart som desse prestane døydde. I Skottland betydde doktrinære forskjellar med den herskande skotske kyrkja at dei heldt på sjølvstendet sitt, som i dag held fram i Scottish Episcopal Church. Mange av dei som deltok i oppstanden kom frå ikkje-eidsverjande episkopale kyrkjelydar.[21] Likevel var den mektigaste enkeltfaktoren for skotsk støtte i 1745 ei motstand mot unionen mellom dei to landa frå 1707, der tapet av politisk kontroll ikkje hadde gjeve ein opplevd økonomisk fordel. Dette var spesielt markert i Edinburgh, den tidlegare staden for det skotske parlamentet, og i det skotske høglandet.[22]
Karl i Skottland
[endre | endre wikiteksten]Under Fontainebleau-traktaten frå 1743, eller Pacte de Famille, gjekk Ludvig XV og onkelen hans, Filip V av Spania, med på å samarbeida om ei rekkje tiltak mot Storbritannia, medrekna å forsøka å gjeninnsetta stuartane.[23] I november 1743 gav Ludvig melding til James om at invasjonen var planlagd for februar 1744. Han byrja å samla 12 000 soldatar og transport ved Dunkerque, ein stad vald fordi det var mogleg å nå Themsen i løpet av ein enkelt tidvassyklus.[24] Sidan britiske Royal Navy var godt kjend med dette, utførte den franske skvadronen ved Brest iaugefallande førebuingar for å leggja til sjøs, i håp om å lokka unna patruljane deira.[25]
Jakob blei verande i Roma medan Karl drog av garde i løyndom for å bli med i invasjonsstyrken. Då skvadronen til den franske admiralen Roquefeuil forleg Brest den 26. januar 1744, følgde ikkje Royal Navy etter han.[9] Marineoperasjonar mot Storbritannia føregjekk ofte om vinteren, ettersom vind og tidvatn gjorde det vanskelegare for britane å handheva ein blokade på grunn av auka risiko for vinterstormar. Som i 1719 viste vêret seg å vera det beste forsvaret for britane. Stormar senka fleire franske skip og førte til mange skader, og Roquefeuil sjølv døydde undervegs.[26] I mars avlyste Ludvig invasjonen, og erklærte krig mot Storbritannia.[9]
I august drog Karl til Paris for å argumentera for ei alternativ landing i Skottland. John Gordon frå Glenbucket hadde lagt fram ein liknande plan i 1738, som var blitt avvist av både franskmennene og Jakob sjølv.[5] Karl møtte sir John Murray frå Broughton, sambandsleddet mellom stuartane og dei skotske støttespelarane deira, som hevda at han frårådde det, men Karl stod fast, «determined to come [...] though with a single footman».[27] Då Murray vende tilbake med melding om planen gjentok skottane motstanden sin mot å gjera opprør utan solid fransk støtte, men Karl rekna med at når han var i gang, ville franskmennene føla seg nøydde til å støtta han.[9]
Dei fyrste månadane av 1745 brukte han på å kjøpa våpen, medan siger i slaget ved Fontenoy i april oppmuntra franske styresmakter til å skaffe han to transportskip. Dette var 16-kanons-kaperen «Du Teillay» og «Elizabeth», eit eldre krigsskip med 64 kanonar som var blitt vunne frå britane i 1704, som bar med seg våpen og 100 frivillige frå den irske brigaden i den franske hæren.[28] Tidleg i juli gjekk Karl ombord i «Du Teillay» i Saint-Nazaire saman med dei såkalla «Seven Men of Moidart», der den best kjende var eksil-iren John O'Sullivan, ein tidlegare fransk offiser som fungerte som stabssjef.[29] Dei to fartøya la ut mot Dei ytre Hebridane den 15. juli, men blei konfronterte fire dagar seinare av HMS «Lion», som engasjerte «Elizabeth» i eit sjøslag. Etter fire timar måtte begge skipa venda tilbake til hamn. Tapet av «Elizabeth», våpena ombord og dei frivillige ombord var eit stort tilbakeslag, men «Du Teillay» sette Karl i land på Eriskay den 23. juli.[30]
Mange av dei han kontakta gav han råd om å venda tilbake til Frankrike, mellom anna MacDonald of Sleat og Norman MacLeod.[31] Dei var klare over den potensielle verknaden av nederlag, men dei følte at ved å koma utan fransk militær støtte, hadde Karl ikkje klart å halde pliktene sine, og dei var ikkje overtydde av dei personlege eigenskapane hans.[32] Det er også blitt antyda at Sleat og Macleod var spesielt sårbare for sanksjonar frå styresmaktene ettersom dei hadde vore engasjerte i ulovleg sal av leilendingar som kontraktstenarar.[33] Nok folk blei overtalte, men valet var sjeldan enkelt. Donald Cameron frå Lochiel forplikta seg fyrst etter at Karl gav han «sikkerheit for den fulle verdien av eiendommen hans dersom oppreisten skulle vise seg å vera mislukka,» medan MacLeod og Sleat hjelpte han med å rømma etter Culloden.[34]
19. august blei opprøret sett i gang då kongsstandarden blei heist ved Glenfinnan, med ein styrke av høglendarer estimert av O'Sullivan til rundt 700 til stades.[35] Jakobittane marsjerte mot Edinburgh og nådde Perth den 4. september, der dei blei møtte av fleire sympatisørar. Ein av desse var lord George Murray, som tidlegare var blitt gjeven nåde for deltakinga si i opprøra i 1715 og 1719. Han tok over frå O'Sullivan som leiar på grunn av at han forstod militære høglandsskikk betre, og jakobittane brukte den neste veka på å omorganisera styrkane sine.[9]
Den juridiske leiaren for styresmaktene i Skottland, lord president Duncan Forbes, sendte ei stadfesting på landinga til London den 9. august.[36] Mange av dei 3000 soldatane som kunne nyttast av sir John Cope, den militære kommandøren i Skottland, var utrente rekruttar, og medan han mangla informasjon om jakobittane sine intensjonar, var dei godt informerte om hans, sidan Murray hadde vore ein av rådgjevarane hans. Forbes stolte i staden på at dei personlege forholda hans ville halda folk lojale. Han mislykkast med Lochiel og lord Lovat, men lykkast med mange andre, mellom dei jarlen av Sutherland, Munro-klanen og lord Fortrose.[37]
17. september gjekk Karl inn i Edinburgh utan å møta motstand, sjølv om Edinburgh Castle blei verande under kontrollen til styresmaktene. Jakob blei utropt til konge av Skotland neste dag og Karl som regenten hans.[38] 21. september stoppa jakobittane hæren til Cope og spreidde han i under 20 minutt i slaget ved Prestonpans, like utanfor Edinburgh. Hertugen av Cumberland, som leia den britiske hæren i Flandern, blei kalla tilbake til London, i lag med 12 000 soldatar.[39] For å trygga støtta si i Skottland gav Karl ut to Declarations den 9. og 10. oktober. Den fyrste oppløyste «den såkalla unionen» (pretended Union), den andre avviste Act of Settlement.[40] Han instruerte også Caledonian Mercury til å publisera referatet til den parlamentariske undersøkinga frå 1695 Parliamentary i Glencoe-massakren, eit ofte brukt døme på undertrykkinga etter opprøret i 1688.[41]
Moralen blant jakobittane blei forsterka i midten av oktober då Frankrike sendte forsyningar av pengar og våpen, saman med utsendingen Marquis d'Éguilles, som verka som om han bekrefta påstandar om fransk støtte..[42] Lord Elcho hevda seinare at andre skottar allereie var uroa over den autokratiske stilen til Karl og frykta at han var for sterkt påverka av dei irske rådgjevarane sine.[43] Det blei skipa eit prinseråd (Prince's Council) med 15-20 seniorleiarar; Karl såg på dette som ei påtvinging frå skottane i høve til den guddommeleg utnemnde monarken deira, medan dei daglege møta framheva splittinga mellom fraksjonane.[b][9]
Desse interne spenningane blei framheva av møta som blei haldne 30. og 31. oktober for å diskutere strategi. Dei fleste av skottane ønskte å konsolidera seg, og føreslo at Karl skulle kalla til seg riksstandane for å forsvara riket mot dei engelske hærane dei venta ville bli sende mot dei.[45] Charles hevda at ein invasjon av England var avgjerande for å tiltrekka seg fransk støtte, og sikre eit uavhengig Skottland ved å fjerna hannoverane. Han blei støtta av eksil-irane, som var av den oppfattinga at ein Stuart på den britiske trona var den einaste måten å oppnå eit autonomt, katolsk Irland på. Karl hevda også at han var i kontakt med engelske støttespelarar, som berre venta på at dei skulle koma, medan d’Éguilles forsikra rådet om at ei fransk landing i England var nært foreståande.[14]
Trass i tvilen sin gjekk rådet med på invasjonen, på vilkår av at den lova engelske og franske støtta kom.[c] Tidlege skotske åtak i England hadde kryssa grensa ved Berwick-upon-Tweed, men Murray valde ei rute via Carlisle og Nordvest-England, område som var sterkt jakobittiske i 1715.[47] Dei siste elementa i den jakobittiske hæren forlét Edinburgh 4. november, og regjeringsstyrkar under general Handasyde tok byen tilbake den 14.[48]
Invasjonen av England
[endre | endre wikiteksten]Murray delte hæren inn i to kolonnar for å skjula målet deira frå general George Wade, den britiske kommandanten i Newcastle, og gjekk inn i England den 8. november utan å møte motstad.[30] Den 10. nådde dei Carlisle, ei viktig grensefestning før 1707-unionen, men med eit forsvar som no var i dårleg forfatning, med ein garnison på 80 eldre veteranar. Utan omleiringsartilleri ville jakobittane framleis ha måtta svelta slottet til underkasting, ein operasjon dei verken hadde tid eller utstyr til. Trass i dette kapitulerte slottet 15. november, etter å ha fått vita at hjelpestyrken til Wade var forseinka av snø. Denne suksessen gjenoppliva den jakobittiske saka. Då Cumberland tok byen tilbake i desember, ønskte han å avretta dei ansvarlege.[9]
Jakobittane sette att ein liten garnison og fortsette sørover til Preston den 26. november og til Manchester den 28. Her tok dei imot det fyrste større inntaket av engelske rekruttar, som skipa Manchester-regimentey. Kommandanten deira var Francis Towneley, ein katolikk frå Lancashire som tidlegare tenestegjorde som offiser i den franske hæren; den eldste broren hans Richard hadde så vidt sloppe unna avretting for si deltaking i opprøret i 1715.[49] Ved tidlegare rådsmøte i Preston og Manchester hadde mange skottar meint at dei allereie hadde gått langt nok, men gjekk med på å fortsetja då Karl forsikra dei om at sir Watkin Williams Wynn ville møta dei ved Derby, medan hertugen av Beaufort var klar til å ta den strategiske hamnebyen Bristol.[33]
Då dei nådde Derby 4. desember, var det ingen teikn til desse forsterkningane eller noka anna fransk landing i England, og rådet kom saman den 5. for å diskutera dei neste skritta sine.[50] Trass i dei store folkemengdene som kom til for å sjå dei marsjera sørover, var det berre Manchester som sørgde for eit betydeleg tal rekruttar; Preston, ei jakobittisk høgborg i 1715, gav berre tre mann til oppreisten.[51] Murray hevda at dei hadde gått så langt som mogleg og no risikerte å bli avskorne av overlegne styrkar, med Cumberland som rykte nordover frå London, og Wade som kom sørover frå Newcastle. Karl innrømte at han ikkje hadde høyrt frå dei engelske jakobittane sidan han forlét Frankrike; dette betydde at han laug då han hevda noko anna, og forholdet hans til skottane var uoppretteleg skadd.[52]
Rådet stemte overveldande for å trekke seg tilbake, ei avgjerd som blei styrka av ein rapport frå lord John Drummond om at franske skip hadde ført i land forsyningar og pengar ved hamna i Montrose i Angus. Desse omfatta «frivillige» frå «Royal Écossais» og Den irske brigaden, begge einingar frå den franske hæren.[53] Medan desse troppane var mindre enn 200 folk totalt, skal Drummond ha heva at 10 000 mann til var klare til å følgja dei, noko som påverka avgjerda kraftig.[54]
Tilbaketrekkinga skadde forholdet mellom Karl og skottane kraftig, og begge sider såg på den andre med mistru og fiendtlegheit. Elcho skreiv seinare at Murray trudde dei framleis kunne føra krigen i Skottland i fleire år, og tvinga krona til å gå med på vilkår ettersom troppane var sårt nødvendige til krigen på kontinentet.[55] Dette verkar usannsynleg sidan trass i sigrane deira i Flandern hadde finansminister Machault Louis tidleg i 1746 åtvara om at den britiske marineblokaden hadde redusert den franske økonomien til ein katastrofal tilstand.[56]
Den raske jakobittiske hæren unngjekk forfølgjarar med berre ei mindre trefning ved Clifton Moor, og kryssa grensa inn i Skottland igjen den 20. desember. Hæren til Cumberland kom utanfor Carlisle 22. desember, og sju dagar seinare blei garnisonen tvinga til å overgi seg, noko som avslutta det jakobittiske militære nærværet i England. Mykje av garnisonen kom frå Manchester Regiment og fleire av offiserane blei seinare avretta, inkludert Francis Towneley.[57]
Vegen til Culloden
[endre | endre wikiteksten]Sjølve invasjonen oppnådde lite, men å nå Derby og returnera var ein betydeleg militær prestasjon. Moralen var høg, medan forsterkningar frå Aberdeenshire og Banffshire under Lewis Gordon saman med skotske og irske soldatar i fransk teneste tok jakobitt-styrken opp til over 8000.[58] Fransk-levert artilleri blei brukt til å omleira Stirling Castle, den strategiske nøkkelen til høglandet. 17. januar fekk jakobittane spreidd ein hjelpestyrke under Henry Hawley i slaget ved Falkirk Muir, men sjølve omleiringa hadde liten framgang.[9]
Styrkane til Hawley var stort sett intakte og gjekk mot Stirling igjen då Cumberland kom Edinburgh 30. januar, medan mange høglendarar hadde reist heim etter Falkirk. 1. februar blei omleiringa avbroten, og den jakobittiske hovudstyrken trekte seg tilbake til Inverness.[59] Hæren til Cumberland gjekk nordover langs kysten, slik at han kunne få forsyningar sjøvegen. Han gjekk inn i Aberdeen 27. februar; begge sider stoppa operasjonane sine på grunn av dårleg vêr.[60]
Nokre få franske sendingar kom seg fordi den britiske marineblokaden, men om våren mangla jakobittane både mat og pengar til å betala mennene sine. Då Cumberland forlét Aberdeen 8. april blei leiinga samd om at kamp var det beste alternativet deira. Argument om plasseringa stammar frå tvistar etter krigen mellom tilhengarar av Murray og O'Sullivan, som i stor grad var ansvarleg for å velja han, men nederlaget deira kom av ein kombinasjon av faktorar.[61] I tillegg til eit overlegent tal menn og utstyr, hadde Cumberland sine troppar blitt drilla i å motarbeida høglands-åtaket, som la vekt på fart og valdsamheit for å bryta linjene til fienden. Når det var vellykka, resulterte det i raske sigrar som ved Prestonpans og Falkirk, men om det mislykkast, kunne dei ikkje halda stand.[62]
Slaget ved Culloden den 16. april, ofte omtalt som det siste slaget på britisk jord,[63] varte i under ein time og enda med ein avgjerande siger for regjeringstrkane. Jakobittane var utmatta av ein nattmarsj gjort i eit mislykka forsøk på å overraska styrken til Cumberland. I staden kom mange jakobittar ikkje fram til slaget, og etterlét færre enn 5000 til å møta ein godt utkvilt og utstyrt styrke på 7000 til 9000.[64]
Kampane byrja med ei artilleriutveksling der regjeringsstyrkane var enormt overlegne i trening og koordinering, spesielt fordi James Grant, ein offiser i den irske brigaden som tente som den jakobittiske artilleri-obersten, var fråverande etter å ha blitt såra ved Fort William. Karl heldt stillinga si og forventa at Cumberland skulle angripa, men denne nekta å gjera det. Han var ikkje i stand til å svara på kanonelden, og gav frontlinja si ordre om å angripa. Medan dei gjorde det, tvinga myrlendt terreng framfor senteret av jakobitthæren dei til å gå til høgre, der dei blei vikla inn i høgrefløyregimenta og der rørsla deira var avgrensa av ein innhegningsmur.[65]
Dette auka avstanden til regjeringslinjene og senka farten i åtaket, noko som forlengde eksponeringa deira for artilleriet til styresmaktene, som no gjekk over til å skyta med kardesk.[66] Trass i dette krasja høglendarane inn i venstrefløya til Cumberland, som blei driven litt bakover men ikkje brast. Regimentet til Loudon skaut inn i flanken deira frå bak muren. Høglendarane var ute av stand til å svara på elden, og fall tilbake i forvirring. Dei nordaustlege regimenta og dei irske og skotske soldatane i andre linje trekte seg tilbake i god orden, slik at Karl og det personlege følgjet hans kunne rømma nordover.[9]
Troppar som heldt seg samla, som soldatane frå den franske hæren, var mykje mindre sårbare når dei trekte seg tilbake, og mange høglendarar blei skorne ned av britiske dragonar som forfølgde dei. Tapstala til styresmaktene er estimerte til 50 drepne og 259 såra; mange jakobittiske såra som var igjen på slagmarka skal ha blitt drepne etterpå, og tapa deira var 1200 til 1500 døde og 500 fangar.[67] Eit mogleg tal på 5000 til 6000 jakobittar kom unna med våpen, og i løpet av dei neste to dagane samla rundt 1500 overlevande seg ved Ruthven Barracks.[7] 20. april gav Karl dei ordre om å spreia seg, og argumenterte for at det var nødvendig med fransk støtte for å kunna fortsetja kampen, og at dei skulle dra heim til han kom tilbake med meir støtte.[68]
Lord Elcho hevda seinare at han hadde sagt til Karl at han burde halda fram kampen med dei mennene han hadde; «put himself at the head of the [...] men that remained to him, and live and die with them,» men han var fast bestemt på å dra til Frankrike.[69] Etter å ha unngått å bli teken til fange i det vestlege høglandet, blei Karl plukka opp av eit fransk skip den 20. september. Han vende aldri tilbake til Skottland, men samanbrotet av forholdet hans til skottane hadde allereie gjort dette usannsynleg. Allereie før Derby hadde han skulda Murray og andre for forræderi; desse utbrota blei hyppigare på grunn av vonbrot og drikking, medan skottane ikkje lenger stolte på løfta hans om støtte.[9]
Etterverknader
[endre | endre wikiteksten]Etter Culloden brukte regjeringsstyrkar fleire veker på å leita etter opprørarar, konfiskera storfe og brenna møtehusa til ikkje-eidssverjande og katolske kyrkjelydar.[70] Brutaliteten i denne framferda kom delvis av ei utbreidd oppfatting frå begge sider om at ei ny landing var nært foreståande.[71] Soldatar i fransk teneste blei behandla som krigsfangar og utveksla uavhengig av nasjonalitet, men 3500 fanga jakobittar blei tiltalte for forræderi. Av desse blei 120 avretta, fyrst og fremst desertørar frå regjeringsstyrkane og medlemmer av Manchester-regimentet. Rundt 650 døydde i vente på rettssak, 900 blei gjevne nåde og resten frakta til koloniane i eksil.[72]
Jakobittleiarane Kilmarnock, Balmerino og Lovat blei halshogde i april 1747,[d] men opinionen var imot fleire rettssakar og dei gjenverande fangane blei gjevne nåde under 1747 Act of Indemnity.[73] Desse omfatta Flora MacDonald, som aristokratiske støttespelarar samla inn over 1500 pund for.[74] Lord Elcho, lord Murray og Lochiel blei utelatne frå dette og døydde i eksil; Archibald Cameron, som var ansvarleg for å rekruttera Cameron-regimentet i 1745, blei truleg forrådd av sine eigne klanmenn då han kom tilbake til Skottland, og avretta 7. juni 1753.[75]
Styresmaktene avgrensa konfiskasjonar av jakobittiske eigedommar, sidan erfaringa med å gjera det etter opprøra i 1715 og 1719 viste at kostnadene ofte oversteig salsprisen.[76] Under loven Vesting Act frå 1747 blei eigedommane til 51 straffedømte saumfarne for rolla eigarane hadde hatt i 1745 av finansdomstolen, og 41 tekne.[77] Dei felste av desse blei anten kjøpte eller gjort krav på av kreditorar, men 13 blei gjort om til krongod i 1755.[78] Under Disannexing Act frå 1784 fekk arvingane deira løyve til å kjøpta tilbake eigedommane, med totalt 65 000 pund betalt.[79]
Etter å ha kome seg nord for Edinburgh eller inn i landet frå hamnar som Aberdeen, blei rørslene til regjeringstroppane hemma av mangel på vegar eller nøyaktige kart over høglandet.[80] For å bøta på dette blei det bygd nye fort, det militære vegnettet starta av Wade blei endeleg fullført og William Roy gjorde den første omfattande landmålinga av høglandet.[81] Det blei sett i verk fleire tiltak for å svekka det tradisjonelle klansystemet, som allereie før 1745 hadde vore under alvorleg press på grunn av endra økonomiske forhold.[82] Det viktigaste tiltaket var Heritable Jurisdictions (Scotland) Act 1746, som gjorde slutt på den føydale makta høvdingane hadde over klanmedlemmane sine. Act of Proscription forbaud bruk av høglandsdrakt med mindre ho blei brukt i militærteneste, sjølv om verknaden av denne loven er omdiskutert, og han blei oppheva i 1782.[83]
Den jakobittiske saka forsvann ikkje heilt etter 1746, men dei motstridande måla til deltakarane enda rørsla som eit alvorleg politisk trugsmål. Mange skottar vart desillusjonerte av Karl si leiing, medan nedgangen i engelsk jakobitisme var demonstrert av mangelen på støtte frå område som hadde vore sterkt jakobittiske i 1715, som Northumberland og County Durham.[84] Irske jakobittlag reflekterte i aukande grad motstand mot den eksisterande ordenen i staden for hengivenheit for stuartane, og blei til slutt absorberte av Society of United Irishmen.[3]
I juni 1747 skreiv D'Éguilles ein rapport om oppreisten som var kritisk til den jakobittiske leiinga generelt, men meininga hans om Karl var så negativ at han konkluderte med at Frankrike kunne vore betre tent med å støtta ein skotsk republikk.[85] Kort tid etter dette blei Henry Benedict Stuart ordinert til katolsk prest. Karl såg på dette som ein stilltiande aksept av at Stuart-saka var over, og tilgav han aldri. For begge leiarane skulle opprøret vera høgdepunktet i deira karrierar. Karl blei tvangsdeportert frå Frankrike etter Aix-la-Chapelle-traktaten i 1748 og byrja raskt å lida under alkoholisme, medan Cumberland gjekk ut av den britiske hæren i 1757 og døydde av slag i 1765.[86]
Karl fortsette forsøka sine på å gjenoppliva saka, inkludert eit hemmeleg besøk i London i 1750, då han møtte støttespelarar og ei kort tid konverterte til den ikkje-eidssverjande anglikanske kyrkja.[e][87] I 1759 møttes han Choiseul, den dåverande sjefsministeren i Frankrike, for å diskutera ein ny invasjon, men denne avfeide han som udyktig på grunn av drikking.[7] Trass i oppfordringar frå Henry, nekta pave Klemens XIII å anerkjenna han som Karl III etter at far deira døydde i 1766.[88] Han døydde av slag i Roma i januar 1788, ein skuffa og forbitra mann.[33]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Somerset 2012, s. 532–535.
- ↑ Szechi 1994, s. 91.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Szechi 1994.
- ↑ Dickson 1895, s. 273.
- ↑ 5,0 5,1 Blaikie 1916, s. xlix.
- ↑ McKay 1983.
- ↑ 7,0 7,1 7,2 7,3 Zimmerman 2003.
- ↑ Groves 2017, s. 3–4.
- ↑ 9,00 9,01 9,02 9,03 9,04 9,05 9,06 9,07 9,08 9,09 9,10 Riding 2016.
- ↑ Szechi 1994, s. 94–95.
- ↑ Riding 2016, s. 19–20.
- ↑ 12,0 12,1 McLynn 1982.
- ↑ Harris 2006.
- ↑ 14,0 14,1 Stephen 2010.
- ↑ 15,0 15,1 Shinsuke 2013.
- ↑ Somerset 2012.
- ↑ Lord 2004.
- ↑ Monod 1993.
- ↑ Riding 2016, s. 234–235.
- ↑ Strong 2002, s. 15.
- ↑ Szechi & Sankey 2001.
- ↑ Cruikshanks 2008.
- ↑ Harding 2013, s. 171.
- ↑ Bromley 1987, s. 233.
- ↑ Duffy 2003, s. 43.
- ↑ Fremont 2011.
- ↑ Murray 1898, s. 93.
- ↑ Riding 2016, s. 57–58.
- ↑ Graham 2014.
- ↑ 30,0 30,1 Duffy 2003.
- ↑ Riding 2016, s. 83–84.
- ↑ Stewart 2001, s. 152–153.
- ↑ 33,0 33,1 33,2 Pittock 2004.
- ↑ Riding 2016, s. 465–467.
- ↑ McCann 1963.
- ↑ Riding 2016, s. 93–94.
- ↑ Riding 2016, s. 95–97.
- ↑ Duffy 2003, s. 198.
- ↑ Riding 2016, s. 195.
- ↑ Pittock 2016, s. 26.
- ↑ Hopkins 1998, s. 1.
- ↑ Riding 2016, s. 185.
- ↑ Elcho 2010, s. 289.
- ↑ Wemyss 2003, s. 81.
- ↑ Stephen 2010, s. 53.
- ↑ Wemyss 2003, s. 85.
- ↑ Stephen 2010, s. 60–61.
- ↑ Riding 2016, s. 200–201.
- ↑ Gooch 2004.
- ↑ Riding 2016, s. 298–299.
- ↑ Pittock 1998.
- ↑ Riding 2016, s. 299–300.
- ↑ Riding 2016, s. 304–305.
- ↑ Winchester 1870.
- ↑ Elcho 2010, s. 201.
- ↑ Black 1999.
- ↑ Riding 2016, s. 328–329.
- ↑ Chambers 2018.
- ↑ Chambers 2018, s. 353–354.
- ↑ Riding 2016, s. 377–378.
- ↑ Pittock 2016, s. 58–98 passim.
- ↑ Reid 1996.
- ↑ Jacobite stories: Battle.
- ↑ Gold & Gold 2007.
- ↑ Royle 2016.
- ↑ Battle of Culloden.
- ↑ Inventory of Historic.
- ↑ Stuart 1746.
- ↑ Elcho 2010.
- ↑ Szechi & Sankey 2001, s. 90–128.
- ↑ Anderson 1902.
- ↑ Roberts 2002, s. 196–197.
- ↑ Lewis 1977, s. 287–288.
- ↑ Quynn 1941, s. 236–258.
- ↑ Lenman 1980.
- ↑ Szechi & Sankey 2001, s. 110–111.
- ↑ Smith 1975, s. 7,380–382.
- ↑ Smith 1975.
- ↑ Millar 1907.
- ↑ Higgins 2014, s. 138.
- ↑ Seymour 1980.
- ↑ Devine 1994, s. 16.
- ↑ Campsie 2017.
- ↑ '45 in Northumberland.
- ↑ McLynn 1980, s. 177–181.
- ↑ Riding 2016, s. 496–497.
- ↑ Robb 2013.
- ↑ Blaikie 1916.
- Denne artikkelen bygger på «Jacobite rising of 1745» frå Wikipedia på engelsk, den 10. juli 2022.
- ↑ Summarised in a British intelligence report of 1755; "...'tis not in the interest of France that the House of Stuart should ever be restored, as it would only unite the three Kingdoms against Them; England would have no exterior [threat] to mind, and [...] prevent any of its Descendants (the Stuarts) attempting anything against the Libertys or Religion of the People.
- ↑ Elcho reported that besides himself, the Council included Perth, Lord George Murray; Sheridan, Murray of Broughton, O'Sullivan, Lochiel, Keppoch, Clanranald, Glencoe, Ardsheal and Lochgarry.[44]
- ↑ In his Diary, Lord Elcho later wrote that "...the majority of the Council was not in favour of a march to England and urged that they should remain in Scotland to watch events and defend their own land. This was also the opinion in secret of the Marquis d’Éguilles; but the wishes of the Prince prevailed."[46]
- ↑ Lovat was the last person executed by this method in Britain
- ↑ He later returned to the Catholic church
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «The '45 in Northumberland and Durham». The Northumbrian Jacobite Society. Arkivert frå originalen 9 October 2015. Henta 13 April 2018.
- Aikman, Christian (2001). No Quarter Given: The Muster Roll of Prince Charles Edward Stuart's Army, 1745–46 (third revised utg.). Neil Wilson Publishing. ISBN 978-1903238028.
- Anderson, BJ, red. (1902). The Albemarle papers; being the correspondence of William Anne, second earl of Albemarle, commander-in-chief in Scotland, 1746-1747. Aberdeen University.
- «Battle of Culloden». British Battles. Henta 16 November 2018.
- Black, Jeremy (1999). Britain as a Military Power, 1688-1815. Routledge. ISBN 978-1-85728-772-1.
- Blaikie, Walter Biggar (1916). Origins of the 'Forty-Five, and Other Papers Relating to That Rising. T. and A. Constable at the Edinburgh University Press for the Scottish History Society. OCLC 2974999.
- Bromley, J. S. (1987). Corsairs and Navies, 1600–1760. Hambledon Press. ISBN 978-0907628774.
- Buchan, James (2003). Crowded with Genius: The Scottish Enlightenment: Edinburgh's Moment of the Mind. HarperCollins. ISBN 978-0060558888.
- Campsie, Alison (31 October 2017). «Myth Buster: Was Tartan Really Banned After Culloden?». The Scotsman. Arkivert frå originalen 21 November 2017. Henta 7 November 2018.
- Campsie, Alison (8 January 2020). «The seized Jacobite money and land that helped build Scotland». The Scotsman. Henta 10 March 2020.
- Chambers, Robert (2018) [1827]. History of the Rebellion of 1745–6. Forgotten Books. ISBN 978-1333574420.
- Colley, Linda (2009). Britons: Forging the Nation 1707–1837 (Third utg.). Yale University Press. ISBN 978-0300152807.
- Corp, Edward (2014). «The Scottish Jacobite Community at Saint-Germain after the Departure of the Stuart Court». I Macinnes, Allan I.; German, Kieran; Graham, Lesley. Living with Jacobitism, 1690–1788: The Three Kingdoms and Beyond. Pickering & Chatto. s. 27–38. ISBN 978-1848934702.
- Cruikshanks, Lauchlin Alexander (2008). The Act of Union: Death or Reprieve for the Highlands?. Wesleyan University. OCLC 705142720.
- Devine, T. M. (1994). Clanship to Crofters' War: The Social Transformation of the Scottish Highlands. Manchester University Press. ISBN 978-0719034824.
- Dickson, William Kirk, red. (1895). The Jacobite Attempt of 1719: Letters of James Butler, second Duke of Ormonde. T. and A. Constable at the Edinburgh University Press for the Scottish History Society. OCLC 652345728.
- Duffy, Christopher (2003). The '45: Bonnie Prince Charlie and the Untold Story of the Jacobite Rising (First utg.). Orion. ISBN 978-0304355259.
- Duke, Winifred (1927). Lord George Murray and the Forty-five (First utg.). Milne & Hutchison.
- Elcho, David (2010) [1748]. A Short Account of the Affairs of Scotland in the Years 1744–46. Kessinger Publishing. ISBN 978-1163535240.
- Fremont, Gregory (2011). The Jacobite Rebellion 1745–46. Osprey Publishing. ISBN 978-1846039928.
- Gold, John R; Gold, Margaret M (2007). «'The Graves of the Gallant Highlanders': Memory, Interpretation and Narratives of Culloden». History and Memory 19 (1): 5. doi:10.2979/his.2007.19.1.5.
- Gooch, Leo (2004). «Towneley, Francis (1709–1746)». Oxford Dictionary of National Biography (online utg.). Oxford University Press. doi:10.1093/ref:odnb/27603.
- Graham, Roderick (2014). Bonnie Prince Charlie: Truth or Lies. Saint Andrew Press. ISBN 978-0861537839.
- Groves, Percy (2017) [1893]. History of the 42nd Royal Highlanders: The Black Watch, Now The First Battalion The Black Watch (Royal Highlanders) 1729–1893. W. & A. K. Johnston. ISBN 978-1376269482.
- Harding, Richard (2013). The Emergence of Britain's Global Naval Supremacy: The War of 1739–1748. Boydell Press. ISBN 978-1843838234.
- Harris, Tim (2006). Revolution: the Great Crisis of the British Monarchy 1685–1720. Penguin. ISBN 978-0141016528.
- Higgins, Charlotte (2014). Under Another Sky: Journeys in Roman Britain. Random House Vintage Books. ISBN 978-0099552093.
- Hopkins, Paul (1998). Glencoe and the end of the Highland Wars. John Donald Publishers Ltd. ISBN 0859764907.
- «The Inventory of Historic Battlefields – Battle of Culloden» (PDF). Historic Scotland. Henta 16 November 2018.
- «Jacobite Stories: the Battle of Culloden». National Trust for Scotland. 22 February 2017. Henta 19 December 2018.
- Kidd, Colin (April 1997). «'The Strange Death of Scottish History' Revisited: Constructions of the Past in Scotland, c. 1790–1914». Scottish Historical Review. lxxvi (100): 86–102. JSTOR 25530740. doi:10.3366/shr.1997.76.1.86.
- Kidd, Colin (November 2013), From Jacobitism to the SNP: the Crown, the Union and the Scottish Question (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 25 March 2017, henta 14 April 2018
- Lenman, Bruce (1980). The Jacobite Risings in Britain 1689–1746. Methuen Publishing. ISBN 978-0413396501.
- Lewis, William (1977). Horace Walpole's Correspondence; Volume 19. Yale University Press. ISBN 978-0300007039.
- Lord, Evelyn (2004). The Stuarts' Secret Army: English Jacobites, 1689–1752. Pearson. ISBN 978-0582772564.
- Mackillop, Andrew (1995). Military Recruiting in the Scottish Highlands 1739–1815: the Political, Social and Economic Context (PhD). University of Glasgow. OCLC 59608677.
- McCann, Jean E (1963). The Organisation of the Jacobite Army (PHD). Edinburgh University. OCLC 646764870.
- McKay, Derek (1983). The Rise of the Great Powers 1648–1815 (First utg.). Routledge. ISBN 978-0582485549.
- McLynn, Frank (October 1980). «An Eighteenth-Century Scots Republic? An Unlikely Project from Absolutist France». The Scottish Historical Review 59 (168): 177–181. JSTOR 25529380.
- McLynn, Frank (1982). «Issues and Motives in the Jacobite Rising of 1745». The Eighteenth Century 23 (2): 177–181. JSTOR 41467263.
- Mearns, Alasdair B. (2007), «Catriona Nic Fhearghais (Christiana Fergusson)», i Ewan, Elizabeth; Pipes, Rose; Rendall, Jane; Reynolds, Siân, The Biographical Dictionary of Scottish Women, Edinburgh University Press, ISBN 978-0748632930
- Millar, Alexander Hastie (1907). A selection of Scottish forfeited estates papers. Scottish History Society; Volume LVII.
- Monod, Paul Kleber (1993). Jacobitism and the English People, 1688–1788. Cambridge University Press. ISBN 978-0521447935.
- Morris, R. J. (1992). «Victorian Values in Scotland & England» (PDF). I Smout, T. C. Victorian Values. Proceedings of the British Academy 78. ISBN 978-0197261194.
- Mudie, Robert. «Historical Account of His Majesty's Visit to Scotland, Edinburgh, 1822.». National Library of Scotland. Arkivert frå originalen 12 September 2014. Henta 7 November 2018.
- Murray, John (1898). Bell, Robert Fitzroy, red. Memorials of John Murray of Broughton: Sometime Secretary to Prince Charles Edward, 1740–1747. T. and A. Constable at the Edinburgh University Press for the Scottish History Society. OCLC 879747289.
- Pittock, Murray (1998). Jacobitism. Palgrave Macmillan. ISBN 978-0333667989.
- Pittock, Murray (2004). «Charles Edward Stuart; styled Charles; known as the Young Pretender, Bonnie Prince Charlie». Oxford Dictionary of National Biography (online utg.). Oxford University Press. doi:10.1093/ref:odnb/5145.
- Pittock, Murray (2016). Great Battles; Culloden (First utg.). Oxford University Press. ISBN 978-0199664078.
- Quynn, Dorothy Mackay (1941). «Flora MacDonald in History». The North Carolina Historical Review 18 (3): 236–258. JSTOR 23516055.
- Reid, Stuart (1996). British Redcoat 1740–93. Osprey Publishing. ISBN 978-1855325548.
- Riding, Jacqueline (2016). Jacobites: A New History of the 45 Rebellion. Bloomsbury. ISBN 978-1408819128.
- Robb, Steven (2013). «Gordon, Robert (1703-1779)». Oxford Dictionary of National Biography (online utg.). Oxford University Press. doi:10.1093/ref:odnb/105934.
- Roberts, John (2002). The Jacobite Wars: Scotland and the Military Campaigns of 1715 and 1745. Edinburgh University Press. ISBN 978-1902930299.
- Royle, Trevor (2016). Culloden; Scotland's Last Battle and the Forging of the British Empire. Little, Brown. ISBN 978-1408704011.
- Seymour, W. A. (1980). A History of the Ordnance Survey. Dawson. ISBN 978-0712909792.
- Shinsuke, Satsuma (2013). Britain and Colonial Maritime War in the Early Eighteenth Century. Boydell Press. ISBN 978-1843838623.
- Smith, Annette M. (1975). The Forfeited Estates Papers, 1745: a study of the work of the Commissioners for the Forfeited Annexed Estates, 1755-1784, with particular reference to their contribution to the development of communications in Scotland in the eighteenth century (PhD). University of St Andrews. hdl:10023/2923. Henta 10 March 2020.
- Somerset, Anne (2012). Queen Anne; the Politics of Passion. HarperCollins. ISBN 978-0007203765.
- Sroka, Kenneth M. (1980). «Education in Walter Scott's Waverley». Studies in Scottish Literature 15 (1). eISSN 0039-3770.
- Stephen, Jeffrey (January 2010). «Scottish Nationalism and Stuart Unionism: The Edinburgh Council, 1745». Journal of British Studies 49 (1, Scotland Special Issue): 47–72. JSTOR 27752690. doi:10.1086/644534.
- Stewart, James A. Jr. (2001). Highland Motives in the Jacobite Rising of 1745–46: 'Forcing Out,' Traditional Documentation and Gaelic Poetry. Proceedings of the Harvard Celtic Colloquium. 20/21. s. 141–173. ISBN 978-0674023833. JSTOR 41219594.
- Streets, Heather (2010). Martial Races: The Military, Race and Masculinity in British Imperial Culture, 1857–1914. Manchester University Press. ISBN 978-0719069635.
- Strong, Rowan (2002). Episcopalianism in Nineteenth-Century Scotland: Religious Responses to a Modernizing Society. Oxford University Press. ISBN 978-0199249220.
- Stuart, Charles Edward (28 April 1746), Letter from Prince Charles Edward Stuart to the Scottish Chiefs, justifying his reasons for leaving Scotland after the Battle of Culloden (letter), RA SP/MAIN/273/117
- Szechi, Daniel (1994). The Jacobites: Britain and Europe, 1688–1788 (First utg.). Manchester University Press. ISBN 978-0719037740.
- Szechi, Daniel; Sankey, Margaret (2001). «Elite Culture and the Decline of Scottish Jacobitism 1716–1745». Past & Present 173 (173): 90–128. JSTOR 3600841. doi:10.1093/past/173.1.90.
- Wemyss, Alice (2003). Gibson, John Sibbald, red. Elcho of the '45. Saltire Society. ISBN 978-0854110803.
- Winchester, Charles, red. (1870). Memoirs of the Chevalier de Johnstone, v. I. D. Wylie.
- Zimmerman, Doron (2003). The Jacobite Movement in Scotland and in Exile, 1749–1759. Palgrave Macmillan. ISBN 978-1403912916.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- 1745 Rebellion on the UK Parliament website
- The Jacobite Rebellion, BBC Radio 4 discussion with Murray Pittock, Stana Nenadic & Allan Macinnes (In Our Time, May 8, 2003)