Jakob Wille
Jakob Wille | |||
| |||
Fødd | 19. august 1777 Seljord kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 13. november 1850 (73 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | prest, politikar | ||
Barn | Hans Wille, Christian Severin Bloch Wille | ||
Alle verv |
|
Jakob Andreas Wille (19. august 1777–15. november 1850) var ein norsk prest og politikar. Hans Jacob Wille var ein eldre halvbror.
Wille var fødd i Seljord, der far hans var sokneprest. Han vart student i 1794 og teologisk kandidat i 1798 frå Københavns Universitet. 1802-11 var han residerande kapellan i Våle. I 1811 tok han avskjed frå prestestillinga. Dei neste tre åra dreiv han vidare ein skule for vidarekomne born. Skulen, som han hadde drive frå 1803-04, hadde fått stor søkning. I 1814 vart han utnemnd til sokneprest til Nøtterøy, eit kall han hadde fram til han døydde.
Wille representerte Jarlsberg og Larviks amt på Stortinget 1836 og omframstortinget 1836-37. Han var medlem av Lagtinget og i 1836 av kyrkjekomiteen. I riksretten mot statsminister Severin Løvenskiold fekk han ikkje sete, då den tiltala skaut han ut.
Wille overtok vervet som ordførar på Nøtterøy i desember 1839. Mellom dei største sakene i Wille si tid som ordførar, var ombygginga av Nøtterøy kyrkje. Steinkyrkja frå 1100-talet vart i 1839 utvida til det doble i løpet av 8-9 månader. Kjøpet av kyrkjeorgel i 1844 var også ei av dei større sakene heradsstyret hadde til handsaming. Wille var ordførar fram til 1847.
Han gav ut eit par lærebøker, begge forklaringar. Dei var nærast reine omarbeidingar av Pontoppidans forklaring til Luthers katekisme.
Wille døydde på Nøtterøy i 1850.
Verk
[endre | endre wikiteksten]- Spørgsmaal til Dr. Morten Luthers Catechismus med tilføyede Anmærkninger, 181 s., Christiania 1826
- En Kort Forklaring over Dr. Morten Luthers Catechismus i Spørgsmaal og Gjensvar, 125 s., Tønsberg 1846
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Bokmålswikipedia
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Berg, Lorens: Nøtterø - en bygdebok, 1922
- Paulsen, Helge: «Jacob Andreas Hansen Wille, 1777-1850», Njotarøy (årsskrift for Nøtterøy Historielag), 2000