Jacques-Yves Cousteau
Jacques-Yves Cousteau | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 11. juni 1910 Saint-André-de-Cubzac |
Død |
25. juni 1997 (87 år) |
Yrke | zoolog, oppdagar, filmskaper, innovatør, fotograf, naturverner, oseanograf, skribent, oppfinnar, manusforfattar, marineoffiser, marinbiolog, ingeniør, biolog, filmregissør, globetrotter, produsent |
Språk | fransk |
Medlem av | Académie française, National Academy of Sciences, Kongeriket Marokkos Akademi |
Far | Daniel Cousteau |
Mor | Elizabeth Cousteau |
Ektefelle | Simone Melchior, Francine Triplet |
Jacques-Yves Cousteau på Commons |
Jacques-Yves Cousteau (fødd 11. juni 1910 i Saint-André-de-Cubzac i departementet Gironde, død 25. juni 1997 i Paris) var ein fransk marineoffiser, filmregissør og oseanografi. Han var ein pioner innan dykking og undervassfotografering. Saman med franskmannen Emil Gagnan fann han opp aqualungen i 1943. Dette var forløparen til vår tids trykkluftapparat som no blir brukt ved apparatdykking.
Han leia fleire ekspedisjonar med forskingsskipet «Calypso». Han vart direktør ved Musée Océanographique i Monaco i 1957. Costeau lagde fleire filmar, mellom andre Den tausen verden (1955) og Verden uten sol (1964). Han var elles særs engasjert i natur- og miljøvern.
I Frankrike er han kjent som le commandant Cousteau, andre stader som Jacques Cousteau eller Captain Cousteau.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«Jacques-Yves Cousteau» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Jacques-Yves Cousteau» frå Wikipedia på bokmål, den 7. september 2011.