Jacob von der Lippe
Jacob von der Lippe | |||
| |||
Fødd | 27. september 1797 Bergen | ||
---|---|---|---|
Død | 2. oktober 1878 (81 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Jacob von der Lippe (27. september 1797–2. oktober 1878) var ein norsk teolog og politikar frå Bergen. Han var biskop i Kristiansand stift 1841-74, og, med avbrot, stortingsmann frå 1830 til 1860.
Lippe, som var son av ein kjøpmann i Bergen, vart student i 1815 og cand. theol. i 1819. Same året vart han residerande kapellan i Haus. Han var sokneprest 1821-25 i Skånevik, 1825-31 i Avaldsnes. Frå 1831 var han sokneprest og stiftsprost i Kristiansand. Deretter biskop i Kristiansand stift 1841-74.
Lippe var stortingsrepresentant for Stavanger amt i 1830. Han var då sekretær i matrikkelkomiteen og medlem av komiteen om gasjar, pensjonar, budsjett- og skattevesen. I 1833 representerte han Kristiansand på Stortinget, sameleis i 1836, 1836-37, 1839, 1842, 1848, 1854 og 1859-60. På stortinga 1833, 1836 og 1836-37 var han både president og visepresident i Lagtinget, i 1839, 1842, 1848 og 1859-60 var han president i Lagtinget. Han var i 1836 medlem av riksretten. 1836 og 1836-37 var han sekretær i valkomiteen og i fullmaktskomiteen. 1836-37 formann i gasjekomiteen, 1839 formann i kyrkjekomiteen og sekretær i fullmaktskomiteen. Kyrkjekomiteen måtte då ta stilling til eit forslag om å oppheve konventikkelplakaten. Lippe leia eit konservativ mindretal som tala for å behalde plakaten, men i revidert form. Kongen nekta å sanksjonere eit fleirtalsvedtak, så konventikkelplaktaen vart ståande, inntil vidare. I 1842 var Lippe formann i komiteen om sivile og militære embetsgardar, og i 1848 formann i reglementskomiteen. Både i 1848 og 1854 var han formann i kyrkjekomite nr 1, i 1859-60 formann i kyrkjekomiteen. I 1860 var han med i deputasjonen som Stortinget sende til kongekroninga i Stockholm.
Lippe var medlem av fleire offentlege kommisjonar, mellom dei var ein kongeleg kommisjon 1839 om utviding av kyrkjer og kyrkjegardar.
Han døydde i Kristiansand i 1878.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Jacob von der Lippe NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Einskildmenn
- Fødde i 1797
- Døde i 1878
- Stortingsrepresentantar 1830-1832
- Stortingsrepresentantar 1833-1835
- Stortingsrepresentantar 1836-1838
- Stortingsrepresentantar 1839-1841
- Stortingsrepresentantar 1842-1844
- Stortingsrepresentantar 1848-1850
- Stortingsrepresentantar 1854-1856
- Stortingsrepresentantar 1859-1861
- Stortingsrepresentantar for Rogaland
- Stortingsrepresentantar for Kristiansand
- Biskopar i den norske kyrkja
- Folk frå Bergen