Jón Sigurðsson
Jón Sigurðsson | |
Portrett av Jón, måla av Þórarinn B. Þorláksson. | |
Statsborgarskap | Island |
Fødd | 17. juni 1811 Hrafnseyri |
Død |
7. desember 1879 (68 år) |
Yrke | politikar, filolog, historikar |
Språk | islandsk |
Medlem av | Det bayerske vitskapsakademiet |
Jón Sigurðsson på Commons |
Jón Sigurðsson (17. juni 1811–7. desember 1879) var leiar av den islandske sjølvstenderørsla på 1800-talet.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Jón Sigurðsson var fødd i Hrafnseyri, nær Arnarfjörður, vest på Island, som son til presten Sigurður Jónsson. Han fór til København i Danmark i 1833 for å studera historie ved universitetet der, og etter kvart få arbeid ved Den arnamagnæanske samlinga, som på den tida hyste manuskripta til dei islandske ættesogene. Han vart ekspert på islandske ættesoger og på islandsk historie. Han tok aldri nokon universitetseksamen, ettersom islandsk politikk kom til å ta meir og meir av tida hans.
Jón Sigurðsson gifta seg med søskenbarnet sitt, Ingibjörg Einarsdóttir, og dei busette seg i København, der heimen deira vart eit senter for alle islendingar i byen. Dei hadde ingen born, men kalla «alle islendingar [for] borna deira».[treng kjelde] Han drog til Island kvart år, 29 gonger i alt, for å leia møta i Alltinget, som på den tida var eit rådgjevande organ for den danske regjeringa og kongen. Dei danske styresmaktene tok etter kvart omsyn til den veltalande måten som Jón Sigurðsson fremja islandske interesser på, og i 1874 fekk Island eit avgrensa sjølvstyre i innanrikssaker.
Jón Sigurðsson vert ofte omtala som president sidan han var preces i det islandske litterære selskapet (Hið íslenzka bókmenntafélag) i ei årrekkje.
Ettermæle
[endre | endre wikiteksten]Fødselsdagen til Jón, 17. juni, er i dag nasjonaldagen til Island. Han har vorte heidra med bilete på dei islandske setlane, mellom anna på 10- og 500 krónur-setelen, og på frimerke som eithundreårsdagane for når han vart fødd og døydde, 150-årsdagen for når han vart fødd og like eins då den islandske republikken vart danna i 1944 (på den 133. fødselsdagen hans).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- К. Maurer. Zur politischen Geschichte Islands. Leipzig, 1880).
- Denne artikkelen bygger på «Jón Sigurðsson» frå Wikipedia på engelsk, den 6. desember 2005.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Jón Sigurðsson of Iceland (arkivert nettstad på engelsk)