Ivar Kristiansen
Ivar Kristiansen | |||
| |||
Fødd | 18. februar 1956 (68 år) Hadsel | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Ivar Kristiansen (fødd 18. august 1956 i Hadsel) er ein norsk politikar frå Høgre. Han har sete på Stortinget for Nordland fylke sidan 1997, og er frå 2009 medlem i Stortingets utanriks- og forsvarskomité. Han er Høgres talsperson for forsvar- og tryggingspolitikk, utanrikspolitikk, den tredje verda, internasjonalt arbeid, Europa og EU. Han har tidlegare vore energipolitisk talsperson, og har markert seg som ein klar tilhengjar av olje- og gassutvinning langs Nordlandskysten.
Karrière
[endre | endre wikiteksten]Kristiansen vart fødd i Hadsel i Nordland, som son av småbrukar Kåre Kristiansen (1916–1988) og Erna Annie Johnsen (1916–1993). Han har eksamen frå vidaregåande skule frå 1975, tilleggsutdanning frå Nordland distriktshøgskole frå 1980, i tillegg til diverse kurs frå Norske Avisers Landsforening. Han var marknadssjef i Næring i Nord 1987–1993, jobba i Salten Assuranse 1994–1995, og salssjef i Nordlandsposten 1994–1997.
Kristiansen var fylkessekretær i Nordland Høgre 1980–1987. Medlem av Bodø formannskap 1987–1995, og leiar i bystyregruppa til Høgre og Bodø fellesborgarlege gruppe 1988–1995. Han var fylkesvaraordførar i Nordland frå 1995 til han vart vald inn på på Stortinget i 1997.
== Stortingskomitea
- 2009–2013 medlem i Utanriks- og forsvarskomiteen
- 2008–2009 1. nestleiar i Energi- og miljøkomiteen
- 2005–2008 medlem i Energi- og miljøkomiteen
- 2005–2009 medlem i Valkomiteen
- 2001–2005 2. nestleiar i Næringskomiteen
- 2001–2005 medlem i Fullmaktskomiteen
- 2001–2005 medlem i Valkomiteen
- 1997–2001 medlem i Næringskomiteen
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Ivar Kristiansen hos Stortinget
- Ivar Kristiansen Arkivert 2009-11-22 ved Wayback Machine. hos Høgre
- Ivar Kristiansen hos TV 2