Hopp til innhald

Intensitet i fysikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Intensitet er eit mål for energistraum i stråling eller bølgjer. Det er det same som flukstettleik, det vil sei den energimengda som per tidseining blir transportert gjennom ei flateeining vinkelrett på forplantingsretninga til strålen eller bølgja. I samband med partikkelstråling kan intensiteten òg gjevast som mengda partiklar som passerer ei flateeining per tidseining.