Huwara
Huwara | |||
حُوّاره, Howwarah | |||
kommune | |||
Huwara kontrollpunkt
| |||
Namneopphav: Kvit mergel[1] | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Nablus guvernement | ||
Koordinatar | 32°09′09″N 35°15′24″E / 32.15250°N 35.25667°E | ||
Folketal | 5 570 (2007)[2] | ||
Huwara 32°09′09″N 35°15′24″E / 32.1525°N 35.256666666667°E | |||
Kart som viser Huwara.
| |||
Wikimedia Commons: Huwwara, Palestine |
Huwara (arabisk حُوّاره, ḥuwwarah, hebraisk skrift חווארה)[3] er ein palestinsk by som ligg i Nablus guvernement nord på Vestbreidda, 9 km sør for Nablus og dannar ein enklave mellom fire israelske busetjingar.[4] Han ligg kring 7 km frå Jakob-brunnen.[3] Eit av dei viktigaste kontrollpunkta til Israel låg i byen, Huwwara kontrollpunkt, for å kontrollere tilkomst til den nærliggande byen Nablus. I 2011 valde det israelske forsvaret å legge ned kontrollpunktet og trafikken mellom Nablus og Ramallah vart enklare.[5] I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på 5 800 i 2006.[6]
Den første grunnskulen vart grunnlagd i 1947, og omgjort til ein vidaregåande skule i 1962.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Huwara er ein eldgammal stad og ein har funne cisterner og graver hogde ut i berget, i tillegg til restar av søyler.[7]
På 1100- og 1200-talet var Hawara busett av muslimar.[8]
Osmansk tid
[endre | endre wikiteksten]Landsbyen vart ein del av Det osmanske riket i 1517 i lag med resten av Palestina, og i 1596 stod han oppført i skattelister som ein del av Jabal Qubal nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på 87 hushaldningar, alle muslimar. Landsbybuarane betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliven, geiter og/eller bikubar, og ei presse for oliven eller druer.[9]
I 1853 var Huwara delaktig i eit slag med nabolandsbyane Quza og Beita, og ti menn og sju kvinner mista livet.[10]
Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1870. Han estimerte at landsbyen (som han kalla Haouarah) hadde kring 800 innbyggjarar, og at han var delt i to distrikt, kvar styrt av ein sjeik. Ein wali var tileigna Abou en-Nebyh Sahin.[11]
I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Huwarah som ein landsby «i stein og leire ved foten av Gerizim, like ved hovudvegen. Han ser gammal ut og dekkjer eit stort område».[12]
Det britiske mandatet
[endre | endre wikiteksten]I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Huwara eit folketal på 921, alle muslimar,[13] og dette auka noko i folketeljinga i 1931, der Huwara (i lag med den mindre staden Bir Quza) hadde 240 busette hus og eit folketal på 955, framleis alle muslimar.[14]
I 1945 hadde Huwwara eit folketal på 1 300, alle arabarar, med 7 982 mål land, i følgje ei offisiell landmåling.[15] Av dette var 607 mål var plantasjar og irrigert land, 4 858 nytta for korn,[16] medan 129 mål vart utbygd land.[17]
Israel-Palestina-konflikten
[endre | endre wikiteksten]Huwara har vore utsett for hemnaksjonar i form av tilfeldige valdshandlingar frå israelske jødiske busetjarar. I april 2010 brende busetjarane tre palestinske køyretøy i Huwara,[18] medan busetjarar under ein hemnaksjon den 27. februar 2011 for evakueringa av Havat Gilad kasta brannbomber inn i eit hus i landsbyen.[19] I mars 2012 vart Davidsstjerna spraya på moskeen i landsbyen.[20]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Huwara» frå Wikipedia på engelsk, den 24. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Avneri, Arieh L. (1984). The Claim of Dispossession: Jewish Land-settlement and the Arabs, 1878-1948. Transaction Publishers. ISBN 0-87855-964-7.
- Barron, J. B., red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine.
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, Herbert H. (1882). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 2. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Ellenblum, Ronnie (2003), Frankish Rural Settlement in the Latin kingdom of Jerusalem, Cambridge University Press, ISBN 0521521874
- Finn, James (1878). Elizabeth Anne Finn, red. Stirring Times: Or Records from Jerusalem Consular Chronicles of 1853 to 1856. 1. London.
- Guérin, Victor (1874). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestine (på fransk). 2: Samarie, pt. 1. Paris: L'Imprimerie Nationale.
- Guérin, Victor (1875). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestine (på fransk). 2: Samarie, pt. 2. Paris: L'Imprimerie Nationale.
- Hadawi, Sami (1970), Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine, Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. ISBN 3-920405-41-2.
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Robinson, Edward; Smith, Eli (1841). Biblical Researches in Palestine, Mount Sinai and Arabia Petraea: A Journal of Travels in the year 1838 3. Boston: Crocker & Brewster.
- Schölch, Alexander (1993). Palestina in Transformation, 1856-1882: Studies in Social, Economic, and Political Development. Institute for Palestine Studies. ISBN 0-88728-234-2.
- ↑ Palmer, 1881, s. 229
- ↑ 2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s. 110
- ↑ 3,0 3,1 Rix, Herbert (1907). Tent and Testament: A Camping Tour in Palestine. New York, London: Scribner. s. 25.
- ↑ Friedman, Robert I. (6. desember 2001). «And Darkness Covered the Land». The Nation. Arkivert frå originalen 18. november 2007. Henta 5. september 2015.
- ↑ Sandercock, Josie (2004). Peace Under Fire: Israel/Palestine and the International Solidarity Movement. Verso. s. 110. ISBN 1-84467-501-7.
- ↑ «Projected Mid -Year Population for Nablus guvernement by Locality 2004- 2006». Palestinsk statistisk sentralbyrå. Arkivert frå originalen 7. februar 2008. Henta 5. september 2015.
- ↑ Dauphin, 1998, s. 804
- ↑ Ellenblum, 2003, s. 263
- ↑ Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 132
- ↑ Avneri, 1984, s.20, citing the English consul Finn, 1878, s. 298
- ↑ Guérin, 1874, s. 460
- ↑ Conder og Kitchener, 1882, SWP II, s. 284
- ↑ Barron, 1923, Table IX, UnderNablus sanjak
- ↑ Mills, 1932, s. 62
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 60
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 106
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 156
- ↑ Saed Bannoura, 'Settler Torch Olive Orchard In Silwan,' in International Midtausten Media Sentral, 17. september 2015
- ↑ Yair Altman, Price tag: Palestinian cars vandalized in Hebron.' på Ynet, 1. mars 2011
- ↑ Israeli firefighters: West Bank mosque fire likely arson, 6. mai 2010, Haaretz