Hummelfjell-ulukka
Utsjånad
Hummelfjell-ulukka var ei flyulukke som ramma Braathens S·A·F·E den 7. november 1956.
Eit Heron passasjerfly, LN-SUR frå Værnes flyplass ved Trondheim til Fornebu ved Oslo, styrta på Hummelfjell i Hedmark eit par mil sør for Røros. Flyet hadde 10 passasjerer og eit mannskap på to. Ein passasjer og kapteinen omkom.[1] Ulukkesårsaka var uvanlig sterk ising og ein kraftig nedadgående luftstrøm.
Flyulukka fikk stor mediemerksemd ettersom ein av passasjerene var den kjende radiomannen Rolf Kirkvaag. Han heldt håpet oppe hjå dei overlevande med konkurransar og song, og gjekk etter hjelp i den djupe snøen sjølv om han hadde brekt ein ankel. Han nådde fram til folk i grenda Hodalen i Tolga.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Aftenposten Morgen 9. november 1956
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hummelfjell-ulukka» frå Wikipedia på svensk, den 22. september 2018.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |