Hopp til innhald

Hochburg-Ach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Landsbyen Wanghausen sett frå tysk side av elva Salzach

Hochburg-Ach er ein kommune i distriktet Braunau am Inn i forbundslandet Oberösterreich i Austerrike. I vest ligg kommunen ved elva Salzach, grenseelva mot Tyskland og forbundsstaten Bayern. Hochburg-Ach har ei flatevidd på 40,1 km² og i kring 3 200 ibuarar.

Folkesetnaden er fordelt på vel 20 landsbyar og grender, landsbyen Uttendorf med knappe 800 ibuarar er den største tettstaden. Kommunesenteret i Hochburg-Ach ligg 462 meter over havet.

52% av arealet i kommunen vert nytta til landbruk, 42% er skogdekt.