Hermetic Order of the Golden Dawn
Hermetic Order of the Golden Dawn | |||
| |||
Skipa | 1888 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | London |
Hermetic Order of the Golden Dawn (latin Ordo Hermeticus Aurorae Aureae), eller berre Golden Dawn (Aurora Aurea), var ein hemmeleg organisasjon vigd studiet og utøving av okkult hermetisme og metafysikk i Storbritannia på slutten av 1800- og byrjinga av 1900-talet. Hermetic Order of the Golden Dawn var kjend som ein magiorden, og fokuserte på teurgi (guddommeleg magi) og åndeleg utvikling. Mange nyare konsept for rituale og magi som er viktige for samtidige tradisjonar, som wicca[1] og thelema, var inspirerte av Golden Dawn, som blei ein av dei største påverknadane på moderne vestleg okkultisme på 1900-talet.[a][b]
Dei tre grunnleggjarane av ordenen, William Robert Woodman, William Wynn Westcott og Samuel Liddell Mathers, var frimurarar. Westcott verker ha vore den drivande krafta bak skipinga.
Golden Dawn-systemet bygde på hierarki og initering på same vis som frimurarlosjar, men til skilnad frå desse hadde kvinner høve til å bli medlemmar på lik linje med menn. «Golden Dawn» var den fyrste av tre ordenar, sjølv om alle tre ofte blir viste til samla som «Golden Dawn». Den fyrste ordenen underviste i esoterisk filosofi som bygde på hermetisk kabbala og personleg utvikling gjennom studiar og medvit om dei fire klassiske elementa, i tillegg til grunnleggjande astrologi, tarotspådom og geomanti (spåing gjennom jordteikn). Den andre eller indre ordenen, Rosae Rubeae et Aureae Crucis, underviste i magi, including krystallspådom (scrying), astral projeksjon og alkymi. Den tredje ordenen tilhøyrde Secret Chiefs, hemmelege leiar som skulle ha mykje kunnskap og kunne styra aktivitetane til dei andre to ordenane gjennom åndeleg kommunikasjon.
På midten av 1890-talet var Golden Dawn godt etablert i Storbritannia, med over hundre medlemmar frå alle delar av det viktorianske samfunnet.[2] Mange kjende folk var medlemmar av Golden Dawn, som skodespelaren Florence Farr, den irske revolusjonære Maud Gonne, den irske diktaren William Butler Yeats, den walisiske forfattaren Arthur Machen og dei engelske forfattarane Evelyn Underhill og Aleister Crowley.
Merknadar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Jenkins 2000, s. 74: "Also in the 1880s, the tradition of ritual magic was revived in London by a group of Masonic adepts, who formed the Order of the Golden Dawn, which would prove an incalculable influence on the whole subsequent history of occultism."
- ↑ Smoley 1999, s. 102–103: "Founded in 1888, the Golden Dawn lasted a mere twelve years before it was shattered by personal conflicts. At its height, it probably had no more than a hundred members. Yet its influence on magic and esoteric thought in the English-speaking world would be hard to overestimate."
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Colquhoun 1975
- ↑ King 1989, s. 47
- Denne artikkelen bygger på «Hermetic Order of the Golden Dawn» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juni 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Colquhoun, Ithell (1975). Sword of Wisdom: Macgregor Mathers and the Golden Dawn. Neville Spearman. ISBN 0-85435-092-6.
- King, Francis (1989). Modern Ritual Magic: The Rise of Western Occultism. ISBN 1-85327-032-6.
- King, Francis, red. (1997). Ritual Magic of the Golden Dawn: Works by S. L. MacGregor Mathers and Others. Destiny Books. ISBN 0-89281-617-1.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Term: Golden Dawn i Llewellyn Encyclopedia
- The Life and Work of WB Yeats. Utstilling som omfattar Yeat sine ritual-notat.
- Golden Dawn ved Curlie