Helge Ingstad
Helge Ingstad | |||
| |||
Fødd | 30. desember 1899 Meråker kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 29. mars 2001 Oslo | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | oppdagar, arkeolog, jurist, skribent, advokat, sjakkspelar, globetrotter, etnolog | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo Memorial University of Newfoundland | ||
Alma mater | Bergen Katedralskole | ||
Ektefelle | Anne Stine Ingstad | ||
Barn | Benedicte Ingstad | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi |
Helge Marcus Ingstad (30. desember 1899–28. mars 2001) var ein norsk jurist, forfattar og arkeolog.
Ingstad var fødd i Meråker i Nord-Trøndelag og voks opp i Bergen. Etter å ha utdanna seg til cand. jur. i 1922, arbeidde han som sakførar i Levanger, før han reiste til Canada for å verta pelsjeger. Der levde han i fire år. Boka Pelsjegerliv vart utgjeven i 1931. Boka selde godt og gjorde at han vart vidgjeten.
Etter å ha kartlagt gamle husgrunnar i Canada, fann Ingstad og kona, arkeologen Anne Stine Ingstad, i 1961 restar av viking- busetnad. Busetnaden fann dei på L'Anse aux Meadows på Newfoundland. Med dette var dei dei fyrste til å prova at islandske vikingar hadde funne ein veg over Atlanterhavet til Nord-Amerika. Ingstad og kona rekna med at dei hadde funne busetnaden i Vinland. Vinland var namnet som vart nytta i norrøn tid på det som seinare fekk namnet Nord-Amerika. Vikingane hadde kome til Amerika 500 år før Christopher Colombus og John Cabot.
Ingstad og kona bygde frå 1946 opp ein heim i Holmenkollen i Oslo, der han døydde 101 år gamal. Dei siste åra han levde, arbeidde han med å systematisera ei stor mengd fotografi og lydopptak. Opptaka gjorde han på slutten av 1940-talet medan han budde saman med ein eskimo-stamme i Alaska. Stamma vart kalla Nunamiut. Arbeidet gjorde at ei bok vart utgjeven, Songs of the Nunamiut. Ein CD med lydopptak fylgde med boka.
Ingstad var æresmedlem av Videnskabsakademiet, æresdoktor ved Universitetet i Oslo, Memorial University, St. Johns, Newfoundland og ved St. Olaf College i Minnesota. Han var i tillegg innehavar av kommandørkorset av St. Olavs orden, riddar av Vasaordenen og hadde Røde Kors sitt heidersteikn for innsatsen sin i Finnmark under den andre verdskrigen.
I 1986 vart Ingstad tildelt Norsk kulturråds ærespris.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]- Pelsjeger i Canada (1926–30)
- Sysselmann i Eirik Raudes Land, dei norskokkuperte områda aust på Grønland (1932-33). Sjå òg Grønlandssaka.
- Sysselmann på Svalbard (1933-35)
- Ekspedisjon til Sierra Madre-fjella i New Mexico på jakt etter Geronimo sin tapte stamme av apachefolk (1936-37)
- Domar under det norske landssvikoppgjeret (1945-47)
- Overvintra med innlandseskimoane Nunamiut i det nordlege Alaska (1949-50)
- Forskingsreise til Grønland (1953)
- Fann viktige spor etter norrøn busetnad frå vikingtida på Newfoundland (1960-åra)
- Utgravinga i Canada vart leia av kona, Anne Stine Ingstad
- Utnemnd til statsstipendiat i 1970.
Minne
[endre | endre wikiteksten]Det er sett opp ei byste av Anne Stine og Helge Ingstad ved Vikingskipmuseet på Bygdøy.
Verkliste
[endre | endre wikiteksten]- Pelsjegerliv (1931) Engelsk omsetjing: The Land of Feast and Famine
- Øst for den store bre (1935)
- Apache-indianerne. Jakten på den tapte stamme (1939)
- Klondyke Bill (1941)
- Siste båt (framført på teater i 1946)
- Landet med de kalde kyster (1948)
- Nunamiut - blant Alaskas innlands-eskimoer (1951)
- Landet under Leidarstjernen (1959)
- Vesterveg til Vinland (1965)
- The Norse Discovery of America (1985)
- Nunamiut Stories (1987)
- The Viking Discovery of America (1991)
- Ingstad, Helge; Groven, Eivind (transcriptions); Tveit, Sigvald (red.) (1998). Songs of the Nunamiut. Oslo: Universitetsforlaget. ISBN 82-518-3778-2.