Helena av Konstantinopel
Helena av Konstantinopel | |||
| |||
Fødd | ca. 250 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Helenopolis | ||
Daud | 18. august 330 | ||
Dødsstad | Konstantinopel, Nikomedeia | ||
Yrke | politikar | ||
Helgendag | 18. august, 21. mai, 19. mars, 3. juni | ||
Vernehelgen | Frankfurt am Main, Pesaro og Ascoli, bispedømmene Trier, Bamberg og Basel; for fargarar, bergverksarbeidarar, skattegravarar og naglesmedar; mot lyn og eld; for gjenfinning av tapte eller stolne gjenstandar |
Helena av Konstantinopel, fullt namn Flavia Iulia Helena (fødd 248/250 i Bithynia; død venteleg 18. august 330 i Nikomedia) var mor til den romerske keisaren Konstantin den store, som gav ho tittelen augusta.
I den katolske og i dei ortodokse kyrkjene er ho rekna som helgen. Festdagen hennar i den katolske kyrkja er 18. august. Øya St. Helena er oppkalla etter ho.
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Helena blei etter den framherskande meiningar fødd ca 248/250 i Drepanon (i dag Karamürsel) i provinsen Bithynia[1] ved Bosporos. Ho kom frå særs enkle kår.[2] Kyrkjefaren Ambrosius av Milano skriv at ho var ei god herbergsvertinne.[3] Ein slik enkel herkomst er det ein går allment ut frå, men det finst eigentleg eit lite høve for at ho kom frå meir framståande kår.[4] Det finst også ei britisk soge om at ho var dotter av ein britannisk konge kalla Coel.[5]
Mor til Konstantin
[endre | endre wikiteksten]Ho hadde eit forhold med den romerske offiseren Constantius, og mellom 272 og 280 fekk dei sonen Konstantin. Om Constantius og Helena òg var gifte, er omstridt. Det kan vera at dei to levde i eit livslangt konkubinat. Constantius Chlorus skilde seg i så fall frå Helena i 289, for å gifta seg med Theodora, som var stedotter av keisar Maximian. Han blei adoptert og i 293 utnemnt til caesar (underkeisar) innan det romerske tetrarkiet.[6]
Etter at Constantius Chlorus døydde overtok sonen Konstantin hæren til faren, og blei utropt av hæren til overkeisar (augustus) den 25. juli 306 i det som i dag er York i England. Etter at han tok over styret henta han mor si til Trier.
Constantius Chlorus blei verande heidning, men Helena lét seg døypa. Hennes son Konstantin sigra i 312 under Jesu Kristi banner over motstandaren Maxentius i slaget ved Ponte Milvio, og utskreiv året etter Toleranseediktet i Milano.
Reise til Palestina
[endre | endre wikiteksten]Ifølgje biskop Ambrosius av Milano og Eusebius reiste Helena i ein alder av rundt 76 år til Palestina. Undervegs var ho ei tid på Kypros, noko som seinare skulle spela ei rolle for den den autokefale karakteren til kyrkja på øya.
I Jerusalem viste Helena rundt 326 biskop Makarios til det tilhøvet at ei overlevering sa at Jesus si grav skulle liggja under eit Venustempel som romarane hadde bygd på 100-talet. Dette tempelet var blitt reist av keisar Hadrian etter Bar Kochba-oppstanden, for å få sett ein stoppar for den kristne venerasjonen av grava, for allereie i løpet av dei første hundre åra etter krossfestinga av Jesus var Golgata og grava ca 40 meter unna blitt til viktige stadar for den veksande gruppa jødekristne.
Etter at Hadrian hadde slått ned oppstanden i 125, grunnla han romarkolonien Aelia Capitolina over det øydelagde Jerusalem. Han vigde byen til yndlingsgudinna si Venus og lét byggja eit stort tempel over dei førkristne tempela i vestkanten av forumet i byen. Ein høg terrasse dekte det ein rekna som grava og heile Golgataklippen, og på den blei det sett opp ein Venus-stele. Denne kunstige terrassen verna om dei to kristne heilage stadene for seinare tider.[7]
Etter soga fekk Helena sett igang gravearbeid, og fann då blant anna restar av krossen til Jesus og den heilage grava. Helena lét restane av Jesus sin kross dela i tre. Ein tredel bleiverande i Jerusalem,[8] ein tredel tok keisarmora med tilbake til Roma,[9] og ein tredel sende ho til sonen sin i Konstantinopel.[10]
Over grava og funnstaden for krossen lét Helena og sonen Konstantin byggja ein basilika, den såkalla Gravkyrkja. Også Fødselskyrkja i Betlehem og den seinare øydelagte Eleona- (det vil seia Helena-) basilikaen på Oljeberget kan førast tilbake til Helena. I tillegg stod ho bak bygginga av ei rekkje andre kyrkjer, ikkje berre i Jerusalem.
Helena blir også tilskriven funnet og medtaking av relikviane etter heilage tre kongar. Først tilhøyrde dei familien hennar, og så blei dei gjevne til biskop Eustorgius. Dei kom etterkvart til Milano, og så seinare tok keisar Fredrik Barbarossa dei med til Kölnerdomen.
Dødsåret til Helena blir oppgjeve til noko frå 329 til 335 . Året 329 er det mest sannsynlege, ettersom det etter dette året ikkje blei prega mynter med hennar namn. Ho døydde dermed truleg dette året, den 18. august 329 i Nikomedia (no İzmit).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Halvorsen, Per Bjørn (26. februar 2020). «Helena – fra Mysia i Lilleasia». Store norske leksikon (på norsk bokmål).
- ↑ Anonymus Valesianus 2,2,2.
- ↑ Ambrosius av Milano, De obitu Theodosii 42.
- ↑ Det meiner Timothy D. Barnes: Constantine: Dynasty, Religion and Power in the Later Roman Empire. Chichester 2011, s. 27ff.
- ↑ Antonina Harbus: Helena of Britain in medieval legend.
- ↑ Det mener Manfred Clauss, Konstantin der Große und seine Zeit, C. H. Beck, München 1996, S. 19; Richard Klein, Helena II (Kaiserin), i: Reallexikon für Antike und Christentum, Bind 14, 1988, Sp. 355–375, her Sp. 356. Bruno Bleckmann, Konstantin der Große, Rowohlt, Reinbek 1996, s. 16 taler om et „langjährige[n] Lebensgemeinschaft, die unter Soldaten durchaus als eheähnliches Verhältnis galt“. Derimot mener Ambrosius av Milano, og Timothy D. Barnes, The new empire of Diocletian and Constantine, London 1982, s. 36, at dei nok var gift.e
- ↑ Også bygningsdeler fra Forum er blitt bevart - deler som var direkte inntil Golgata - det dreier deg om et henendsa brennofferalter, og litt lengre til stedet et libasjonsalter, i: Gerhard Kroll: Auf den Spuren Jesu, Leipzig 1988, s. 366 f.
- ↑ Jerusalemdelen av Det sanne kors befant seg i en sølvkasse: Theodoret, Hist.Ecc.I, 17; Sozomenos, Hist.Ecc.II, 1; Rufinus, Hist.Ecc.X, 7f; Egeria, Itinerarium 37,1; Sokrates Scholasticus, Hist.Ecc.I, 17
- ↑ Det store trestykke av Det sanne kors i Vatikanet ble bragt fra S. Croce in Gerusalemme i 1629 ført til Peterskirken på befaling av Barberini-paven Urban VIII, der det senere ble oppbevart i Det hellige kors' relikviekapell.
- ↑ Chronica regia Coloniensis (sub annorum 1238 - 1240 ), S 203; Waitz, Georg [utg.],Monumenta Germaniae Historica, [Scriptores]: Scriptores rerum Germanicarum in usum scholarum, 18, Hannover 1880, Seite 203 (Pars Sexte, continuatio tertia monachi S. Pantaleon): Nach der Eroberung der Stadt (Konstantinopel im Jahre 1204) wurden unschätzbare Reichtümer gefunden, unvergleichlich kostbare Edelsteine und auch ein Teil des Kreuzes des Herrn, das, von Helena aus Jerusalem überführt und mit Gold und kostbaren Edelsteinen geschmückt, dort höchste Verehrung erfuhr. Es wurde von den anwesenden Bischöfen zerstückelt und mit anderen sehr kostbaren Reliquien unter die Ritter aufgeteilt; später, nach deren Rückkehr in die Heimat, wurde es Kirchen und Klöstern gestiftet.
- Denne artikkelen bygger på «Helena (keiserinne)» frå Wikipedia på bokmål, den 28. mars 2020.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Paul Dräger (utg.): Historie über Herkunft und Jugend Constantins des Großen und seine Mutter Helena. Lateinisch/Deutsch, 2., erweiterte Auflage, Kliomedia, Trier 2010, ISBN 978-3-89890-152-9.
- Paul Dräger (utg.): Lebensbeschreibung oder eher Predigt von der hl. Helena gemäß der Verfasserschaft Almanns. Lateinisch/Deutsch. Aus den Acta Sanctorum (1737/1867), verglichen mit der Handschrift der Stadtbibliothek Trier, Kliomedia, Trier 2007, ISBN 978-3-89890-113-0.
- Stephan Borgehammar: How the Holy Cross was Found. From Event to Medieval Legend. Dissertation. Uppsala 1991. Almqvist & Wiksell, Stockholm 1991, ISBN 91-22-01432-2 (Bibliotheca Theologiae Practicae. Kyrkovetenskapliga Studier. 47).
- Jan Willem Drijvers: Helena Augusta. The Mother of Constantine the Great and her Finding of the True Cross. Brill, Leiden u. a. 1992, ISBN 90-04-09435-0 (Brill's Studies in intellectual History. 27).
- Richard Klein: Helena II (Kaiserin). In: Reallexikon für Antike und Christentum. Band 14. 1988, Sp. 355–375.
- Hans A. Pohlsander: Helena – Empress and Saint. Ares, Chicago IL 1995, ISBN 0-89005-562-9.
- Friedrich Wilhelm Bautz: «Helena» i Biographisch-Bibliographisches Kirchenlexikon (BBKL). Band 2, Hamm 1990, ISBN 3-88309-032-8, Sp. 701.
- Sandra Ann Fortner, Andrea Rottloff: Auf den Spuren der Kaiserin Helena. Spätantike Pilgerinnen auf dem Weg ins Heilige Land. Sutton Verlag 2000, ISBN 978-3-89702-239-3.