Hopp til innhald

Heino Puuste

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heino Puuste
Statsborgarskap Estland
Fødd 7. september 1955 (69 år)
Lagedi
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 1980
Utmerkingar 4. klasse av Den hvite stjernes orden, Estonian Athlete of the Year, Estonian Coach of the Year

Heino Puuste (fødd 7. september 1955) er ein estisk tidlegare friidrettsutøvar som i 1982 vann EM-sølv i spydkast som representant for Sovjetunionen.

Puuste høyrde med i verdseliten i spydkasting frå 1980 til 86. 29. mai 1980 sette han personbeste i Helsinki med eit kast 89,32 meter. To månader seinare kasta han spydet 86,10 meter under OL-finalen og vart fjerdemann i tevlinga. Sist i juni 1982 forbetra Puuste seg i Cottbus til 90,32 m då Aust-Tyskland møtte Sovjetunionen til landskamp. Seinare i same sesongen sikra han seg sølvmedaljen ved europameisterskapen i Aten.

Under landskampen mellom Storbritannia og Sovjetunionen i Birmingham den 5. juni 1983 sletta Puuste den sovjetiske spydrekorden då han vann spydtevlinga. Med eit kast på 94,20 meter forbetra han landsrekorden til Jānis Lūsis med 40 cm. I den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett i Helsinki i august månad enda Puuste på fjerdeplass. OL-sesongen 1984 kasta Puuste 91,86 m som best, men deltok ikkje i Los Angeles då Sovjetunionen boikotta leikane.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]