Handball under Sommar-OL 1992/Karar
Handball under Sommar-OL 1992 for karar vart avvikla frå 27. juli til 8. august 1992 i Granollers og Barcelona. Tolv land deltok i turneringa: Brasil, Egypt, Frankrike, Island, Romania, «Sovjetunionen», Spania, Sverige, Sør-Korea, Tsjekkoslovakia, Tyskland og Ungarn.
Laga var delt inn i to grupper med seks lag i kvar, der alle laga i gruppa spelte kamp mot einannan. Dei to beste laga frå kvar gruppe avanserte til semifinalar, resten til plasseringskampar. Vinnarane av semifinalane, «Sovjetunionen» og Sverige, møttest til finale, medan taparane av semifinalane møttest til kamp om bronseplassen. Frankrike vann 24–20 over Island i bronsefinalen.
Finalen
[endre | endre wikiteksten]«Sovjetunionen» slo Sverige med 22 mål mot 20, etter at det ved pause stod likt, 9–9.
Kirgisaren Talant Dujsjebajev vart toppskårar i turneringa og for «Sovjetunionen» med 47 fulltreffarar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Handball at the 1992 Summer Olympics – Men's tournament» frå Wikipedia på engelsk, den 23. november 2022.