Handball-EM 2002 for menn
Europameisterskapen i handball 2002 for menn, den 5. i rekka, vart avvikla i dagane frå 25. januar til 3. februar 2002 i Sverige. 16 land deltok i turneringa: Danmark, Frankrike, Island, Jugoslavia, Kroatia, Polen, Portugal, Russland, Slovenia, Spania, Sveits, Sverige, Tsjekkia, Tyskland, Ukraina.
Finalekampane fann stad i Stockholm, elles gjekk meisterskapen føre seg i Göteborg, Helsingborg, Jönköping, Skövde og Västerås.
Gull, sølv og bronse
[endre | endre wikiteksten]Sverige vann EM-gull ved å vinne med sluttsiffera 33–31, etter ein kamp som vart avgjort etter ekstraomgangar. I ein jamn fyrste omgang var Sverige i tomålsføring på 7–5 og 11–9, før Tyskland til pauseleiing 14–13. I den andre omgangen leia Tyskland leia 20–17. så det var Sverige til å leie med tre mål på stillinga 25–22. Tyskland kom tilbake og skåra fire mål i rad, Staffan Olsson utlikna til 26–26 sekundar før ordinær tid var ute. Heimelaget tok så føringa i ekstraomgangane og var oppe i 33–29, før Tyskland reduserte leiinga til 33–31. Stefan Lövgren skåra 8 mål for Sverige, deretter fylgde Staffan Olsson med 7 skåringar, Johan Pettersson 6, Lubomir Vranjes og Martin Frändesjø, begge 4, Magnus Wislander 3 og Magnus Andersson 1. Ola Lindgren kom ikkje på skåringslista. Peter Gentzel og Tomas Svensson var målvakter. Stefan Kretzchmar, Daniel Stephan og Mark Dragunski skåra kvar sine 6 mål for Tyskland.
14 300 tilskodarar var til stades i Globen.
I kampen om bronsemedaljane sigra Danmark 29–22 over Island.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Handball-Europameisterschaft der Männer 2002» frå Wikipedia på tysk, den 25. april 2024.