Hackneyhest
Hackneyhest er ein hesterase frå Storbritannia som vert brukt som køyre- og oppvisningshest.
Raseskildring
[endre | endre wikiteksten]Hackneyhesten er ein høgreist køyrehest med store paraderørsler.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Ordet hackney kjem truleg av gammalfransk haquenee som tyder ridehest. Frå fyrst av vart denne hestetypen nytta til riding, gardsarbeid, jakt og lett kavaleri. På 1700-talet vart det kryssa inn arabarhest, noko som gjorde hesten lettare og meir elegant. Ettersom vegane vart betre vart det meir fokus på køyreeigenskapar for å dekkje etterspurnaden etter vognhestar. Stamboka for rasen går attende til 1883. Hackneyhesten vart særs etterspurd både på dei britiske øyene og andre stadar i verda, mellom anna Sør-Afrika og Argentina. Han vart også kryssa inn i andre rasar og mange av hesterasane vi har i dag har hackneyblod i årane. Rasen opplevde stor nedgang etter at bilen fekk sitt gjennomslag, men nokre få oppdrettarar heldt fram med å avle fram Hackneyhestar.
Hackneyponnien er ein ponniversjon av hackneyhesten, avla fram på 1800-talet ved å krysse hackneyhest med fellponni.
Førekomst
[endre | endre wikiteksten]Hackneyhesten har status som kritisk truga på Rare Breeds Survival Trust si liste over sjeldne rasar.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Hackneyhesten vert i stor grad nytta til køyrekonkurransar innan hestesport, og til ulike oppvisninger og utstillinger.