Härnösands kommun
Utsjånad
Härnösands kommun | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Len | Västernorrlands län | ||
Landskap | Ångermanland | ||
Del av | Ångermanland, Q61663705, Q61663701 | ||
Areal | 1 100,93 km² | ||
• land | 1 058,36 km² | ||
• vatn | 42,57 km² | ||
Folketal | 24 557[1] (2011) | ||
Härnösands kommun 62°38′00″N 17°56′00″E / 62.633333333333°N 17.933333333333°E | |||
Kart som viser Härnösands kommun.
| |||
Wikimedia Commons: Härnösand Municipality |
Härnösand kommune ligg i det svenske länet Västernorrlands län i landskapet Ångermanland i landsdelen Norrland. Kommunen har grensar til nabokommunane Sollefteå, Kramfors og Timrå. Administrasjonssenteret i kommunen ligg i Härnösand.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]I vest er det eit kupert morenelandskap, kysten mot Austersjøen er innskoren med fleire øyar, mellom andre Hemsön og Härnön. Kystlinja til Härnösand mot Kvarken, Höga Kysten, har sidan 2000 vore ein verdsarvstad.
E4 går gjennom kommunen og Riksväg 90 har endepunkt i kommunen. Härnösand er knytt til det svenske jernbanenettet gjennom Ådalsbanan.
Tettstader
[endre | endre wikiteksten]Härnösand kommune hadde fire tettstader i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.
# | Tettstad | Innbyggjarar |
---|---|---|
1. | Härnösand | 18 003 |
2. | Älandsbro | 834 |
3. | Ramvik | 743 |
4. | Utansjö | 209 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Härnösand kommune» frå Wikipedia på bokmål, den 27. juni 2012.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Offisiell hjemmeside for Härnösand
- ↑ Folketalsstatistik kvartal 3 2011. Statistiska centralbyrån (30. september 2011). Besøkt 7. januar 2012.