Härjedalens kommun
Härjedalens kommun | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Len | Jämtlands län | ||
Landskap | Härjedalen, Hälsingland, Dalarna | ||
Del av | Härjedalen, Hälsingland, Dalarna, Q61666710, Q61666672 | ||
Centralort | Sveg | ||
Areal | 11 935 km² | ||
• land | 11 364 km² | ||
• vatn | 571 km² | ||
Folketal | 10 645 | ||
Folketettleik | 1 / km² | ||
Härjedalens kommun 62°02′00″N 14°21′00″E / 62.033333333333°N 14.35°E | |||
Kart som viser Härjedalens kommun.
| |||
Wikimedia Commons: Härjedalen Municipality | |||
Nettstad: www.herjedalen.se |
Härjedalens kommun er ein kommune i Jämtlands län i Sverige. Kommunen grensar innanfor lenet til Bergs kommun i nord. Vidare grensar han til Ånge kommun i Västernorrlands län i nordaust, Ljusdals kommun i Gävleborgs län i aust, dei tre kommunane Orsa, Mora og Älvdalen i Dalarnas län i sør, og kommunane Røros og Engerdal i Noreg i vest. Administrasjonssenteret i kommunen er Sveg.
Kommunen er i hovudsak samanfallande med landskapet Härjedalen, men strekkjer seg ikkje så langt nord som landskapet, men derimot lenger mot aust. Storparten av folkesetnaden driv jord- og skogbruk. Gardane er små og vesentleg baserte på husdyrhald, og seterdrift har vore vanleg. Turismen er også viktig, med turiststader som Funäsdalen, Ljungdalen, Tänndalen, Lofsdalen og Vemdalen. Det er også noko industri, mellom anna maskinindustri.
Högvålen på 830 moh., som er den høgastliggjande grenda i Sverige, ligg i kommunen.
Administrativ historikk
[endre | endre wikiteksten]Härjedalens kommun er ein av to svenske kommunar som har namn etter eit landskap. Til skilnad frå Gotland/Gotlands kommun er dei altså ikkje heilt samanfallande. Kommunen vart oppretta i 1974 gjennom samanslåing av Hede landskommun, Hogdals landskommun, Lillhärdals landskommun, Tännäs landskommun og Svegs kommun (köping fram til 1971).
Kommunevåpenet
[endre | endre wikiteksten]Blasonering: På sølvfarga bakgrunn ei svart sleggje med raudt skaft sett ovanfrå, til høgre ei svart smedtong, og til venstre to loddrett oppstilte svarte smedhamrar med raude skaft, den øvste opp-ned.[1]
Härjedalens kommun har eigentleg ikkje eige våpen, men brukar landskapsvåpenet til Härjedalen. Ettersom det våpenet som vert brukt av kommunen er identisk med landskapsvåpenet har ein ikkje kunne registrere det for kommunen hjå Patent- och registreringsverket.
Både Svegs köping og Tännäs landskommun hadde våpen som vart ugyldige i 1974 då dei vart ein del av den nye Härjedalens kommun. Også Linsells landskommun, som vart slegen saman med Svegs landskommun i 1952, hadde eit våpen.
Tettstader
[endre | endre wikiteksten]Det er åtte tettstader i Härjedalens kommun.
Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.
Nr. | Tettstad | Folketal |
---|---|---|
1. | Sveg | 2 633 |
2. | Funäsdalen | 798 |
3. | Hede | 763 |
4. | Ytterhogdal | 603 |
5. | Vemdalen | 547 |
5. | Ulvkälla | 445 |
7. | Lillhärdal | 365 |
8. | Norr-Hede | 293 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Härjedalens kommun» på Wikipedia på svensk, innhenta 19. april 2010.
- «Härjedalen. – kommune i Sverige» hjå Store norske leksikon, innhenta 19. april 2010 (lisensiert under CC-BY-SA).
- «Härjedalen – landskap i Sverige» hjå Store norske leksikon, innhenta 19. april 2010 (lisensiert under CC-BY-SA).
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «I fält av silver en framifrån sedd svart räckhammare med röd skaftända, åtföljd till höger av en svart smidestång och till vänster av två stolpvis ordnade och ställda svarta smideshammare med röda skaft, den övre störtad».