Guns for Hire
Guns for Hire Singel av AC/DC frå albumet Flick of the Switch | ||
B-side |
Landslide | |
---|---|---|
Utgjeve | September 1983[1] | |
Innspelt | April 1983 | |
Studio | Compass Point (Nassau) | |
Sjanger | Hardrock | |
Lengd | 3:24 | |
Selskap | ||
Låtskrivar(ar) | ||
Produsent | AC/DC | |
AC/DC-kronologi | ||
«For Those About to Rock (We Salute You)» (1982) |
Guns for Hire | «Flick of the Switch» (1983)
|
«Guns for Hire» er ein song av det australske hardrockbandet AC/DC frå albumet deira Flick of the Switch, gjeve ut 19. august 1983. Songen er skriven av bandmedlemmane Angus Young, Malcolm Young og Brian Johnson, og han kom ut på singel i september med «Landslide» som B-side. Han nådde 37. plassen på UK Singles Chart,[2] og 84. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100.[3] Songen nådde òg 19. plassen i Irland.[4]
Cash Box sa at «Låten er like heftig som alltid, og inneheld ein modna gitarsolo med høg rock 'n' roll-energi.»[5]
Låten fungerte som opningslåt under opptredenane til bandet på turneen for Flick of the Switch, men har aldri vorte framført på nokre andre AC/DC-turnear sidan. Det vart produsert ein salsfremjande video til låten, der trommeslagaren Simon Wright var med i staden for Phil Rudd. Rudd hadde forlate bandet under innspelinga av Flick of the Switch og vart erstatta av Wright før turnéstarten.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Brian Johnson – solovokal
- Angus Young – sologitar
- Malcolm Young – rytmegitar, korvokal
- Cliff Williams – bassgitar, korvokal
- Phil Rudd – trommer
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1983) | Plassering |
---|---|
US Billboard Hot 100[6] | 84 |
UK Singles (Official Charts Company)[7] | 37 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Guns for Hire» frå Wikipedia på engelsk, den 27. juni 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «AC/DC».
- ↑ «AC/DC singles». Official Charts Company. Henta 7. oktober 2013.
- ↑ «Billboard Hot 100 Chart History». Song Database. Henta 7. oktober 2013.
- ↑ «AC/DC». The Irish Charts. Henta 7. oktober 2013.
- ↑ «Reviews» (PDF). Cash Box: 8. 24. september 1983. Henta 27. juni 2023.
- ↑ "AC/DC Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for AC/DC. Prometheus Global Media. Henta 27. juni 2023.
- ↑ "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 27. juni 2023.