Grunnvasspegel
Grunnvasspegel er den øvre grensa for nivået til grunnvatnet[1] i berggrunn eller jordgrunn. Denne kan vera så djup at ein må bora eller grava ein brønn for å skaffa drikkevatn. Han er definert som «den flaten der grunnvannstrykket er lik atmosfæretrykket».[2] Grunnvasspegelen dannar den øvre grensa av den freatiske sona.
Tørke eller lågare nedbørsmengder vil føre til at grunnvasspegelen blir lågare, medan han i regntid kan stiga til bakkenivå.
Endringar i grunnvassnivået
[endre | endre wikiteksten]Bygginga av Romeriksporten, jernbanetunnelen frå Oslo til Lillestrøm, førte til endringar i grunnvasspegelen i Østmarka i Oslo. Fjellet der tunnelen skulle gå var oppsprekt. Då tunnelen var ferdig, fungerte han som eit dreneringsrøyr for fleire tjern og småvann i Østmarka i Oslo. Nordre Puttjern blei nesten heilt tørrlagt.
I botnen av Engavatnet i Brønnøy i Nordland er det eit hull som er forbunde med eit grottesystem. Dette holet er vanlegvis tetta att av leire, men når grunnvasspegelen synk, kan denne «proppen» kollapsa, og vatnet forsvinn.[3][4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «grunnvasspegel» i Nynorskordboka.
- ↑ ngu.no (Norges geologiske undersøkelse) 04.02.2008, sitert i NAOB
- ↑ «Engavatnet i Velfjord - den mystiske innsjøen som forsvinner», Velfjord.no
- ↑ Trygstad, Andreas Nilsen (12. juni 2017): «55 millioner liter vann «forsvinner» og kommer tilbake: – Her skjer det noe helt spesielt», NRK
- Denne artikkelen bygger på «Grunnvannsspeil» frå Wikipedia på bokmål, den 11. juni 2023.