Großer Wannsee
Großer Wannsee | |||
innsjø | |||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Høgd over havet | 32 moh. | ||
Areal | 2,732 km² | ||
Største djupn | 9 m | ||
Koordinatar | 52°25′N 13°09′E / 52.417°N 13.150°E | ||
Großer Wannsee 52°25′39″N 13°10′23″E / 52.4275°N 13.173055555556°E | |||
Kart som viser Großer Wannsee.
| |||
Wikimedia Commons: Großer Wannsee |
Großer Wannsee er ein innsjø i bydelen Steglitz-Zehlendorf i den vestlege delen av Berlin, og er forbunde med elva Havel. Sør for Großer Wannsee ligg Kleiner Wannsee, den første sjøen i Griebnitzkanalen.
Havel, Großer Wannsee, Griebnitzkanalen, Griebnitzsee og Glienicker Laake omsluttar det øyforma distriktet Berlin-Wannsee, som ligg vest for Großer Wannsee.
I den nordaustlege delen av Großer Wannsee ligg øya Schwanenwerder. Øya Pfaueninsel ligg i Havel rett ved utløpet til Wannsee i nordvestleg retning, og har båtsamband med fastlandet.
Strandbad Wannsee er eit freda friluftsområde, som var eit av dei mest populære utfartsstadane for innbyggjarane i Vest-Berlin før muren fall. Under den kalde krigen spelte Wannsee ei spesielt stor rolle som rekreasjonsområde for den innemura folkesetnaden i Vest-Berlin.
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Großer Wannsee» frå Wikipedia på bokmål, og «Großer Wannsee» frå Wikipedia på tysk den 3. juni 2007.