Hopp til innhald

Grenlandsmålet som skriftspråk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grenlandsbrua
Henrik Ibsen (1828–1906), den best kjende grenlandsforfattaren, skreiv ikkje på grenlandsmålet, men på dansk.

Grenlandsmålet som skriftspråk viser til skriftleg former av det austnorske målføret grenlandsmål. Det har likevel blitt skrive litt på dette målet, mest poesi og humoristiske tekstar. Mellom dei best kjende er Hans Reynolds og Truls E. Norby frå Porsgrunn og Jan Anker Frøydarlund frå Skien; jamfør avsnittet Forfattarar som har skrive på grenlandsmålet nedanfor. Roksund (1997: 47–51) drøfter innslag frå skiensmålet i det danske skriftspråket til Henrik Ibsen, den største grenlandsforfattaren.

Det er stor variasjon i skrivemåten hos dei som skriv på grenlandsmålet – det finst inga sams rettskriving som grenlandsforfattarane brukar; jamfør avsnittet Grenlandsk ortografi nedanfor.

Forfattarar som har skrive på grenlandsmålet

[endre | endre wikiteksten]

Hans Reynolds

[endre | endre wikiteksten]

Porsgrunnsmannen Hans Reynolds fekk prenta 21 dikt på porsgrunnsmål i avisa Porsgrunns Dagblad gjennom åra 1929 – 1933. Dei står alle i Reynolds (1952). Fleire av dikta har blitt tonesette i blues-stil av Guttorm Guttormsen og utgjevne på CD i 2006, av Daniel Eriksen (gitar/song) og Jon «Rev. John» Ultvedt (piano/song),[1] mellom anna «Tora Hansen»:


«Tora Hansen»
av Hans Reynolds.

(Porsgrunns Dagblad, 7. juni 1930.)

Tora Hansen, hu ær fin, jøss faarr æuer aa faarr munn,
de finns vell ikke makann i hele Paaskerunn,
aa guttanne di glor paa a, hu vet naakk hu ær kjekk,
ja stakkærs Kresten Tangen, hann ær naa ræint ut «vekk».
Hann fekk naakk kamm te haare sitt, hann blæi naakk ikke fæit,
vomm hann fekk Tora Hansen, e slikk e flyærs-jæit;
men jammenn ær'n gla i a, de ær naa græit aa se,
ja, blir'n jift me Tora, saa faar'n aldri fre!

Jan Anker Frøydarlund

[endre | endre wikiteksten]

I 1935 og 1936 hadde skiensmannen Jan Anker Frøydarlund kvar laurdag "noen betraktninger på tilnærma skiensdialekt" (Roksund 1997: 85) under psevdonymet Mattis O. Steinpokkær i skiensavisa Varden. Her er ei lita prøve, som stod på prent 9. september 1936 (sitert etter Roksund 1997: 87):


Nåratte våren kommer, så føler jæ lissom noe kriblanes inni midt brøst – som må fram – å de er da jæ krabbær op på fillemærra Sara for å gi uttrøkk for mine dypaste følelser. Sånne diktærgampær som Pekasus æ'ke noe for mæi. Op på hesterykken kom jæ mæ en da, en nydli da mens sola skinte å himlen va blå å fin. Mærra vrinska å va sta, men så plutsli fløi a i full fart ut a stalldøra så jæ slo hue i dørstolpen; å mens sol å måne å elve stjerne glitra for auene, steig diktærånnen fram inn mæ:

«De synger inni knollen min
for hei! – nå ere vår
jæ tar min gamle flushatt på
som jæ fant fram igår.
De duftær vår fra fjell å li
å solas gylne stråler
de varmær mæ å gjør mæ bli
jæ DREKKER SOL å skålær!»

Truls E. Norby

[endre | endre wikiteksten]

Porsgrunnsmannen Truls E. Norby (1940–) har skrive avisartiklar på porsgrunnsmål under psevdonymet Parsifal. Mange artiklar er utgjevne i bøkene Parsifal (1996) og Nordby (2001).

Grenlandsk ortografi

[endre | endre wikiteksten]
For meir om dette emnet, sjå Grenlandsk ortografi.

Som tidlegare nemnt, finst det ingen faste reglar for korleis ein skal skrive grenlandsk. Det finst med andre ord ingen fast grenlandsk ortografi. Dei fleste som har skrive grenlandsk, har teke utgangspunkt i vanleg norsk rettskriving og gjort ymse tilpassingar. Detaljane er drøfte i artikkelen Grenlandsk ortografi.

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  1. http://www.grenlandfriteater.no/show_details.asp?ID=1114[daud lenkje]