Grafisk roman
Grafisk roman (engelsk graphic novel) er eit lengre teikneserieverk i bokform.[1]
Omgrepet «grafisk roman» blir brukt breitt og omfattar alt frå skjønnlitteratur til sakprosa og biografi. Omgrepet har utspring frå USA og Frankrike, og er meint å markera eit skilje frå vanlege teikneseriar. Det kan til dømes visa til verk som opphavleg er laga for å gjevast ut i lang form, til skilnad frå typiske seriar, som kan ha kome ut i striper eller framhaldsseriar.[1]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Ein nøyaktig definisjon av grafiske romanar er diskutabelt og opphavet til kunstforma er ope for tolking. Holemåleri kan ha fortalt historier. Både kunstnarar og handverkarar i mellomalderen formidla historier via bilete i til dømes glasmåleri og biletteppe.
Første bruk av omgrepet skal ha skjedd i 1964. Det kom i vanleg bruk etter utgjevinga av Will Eisner sin En kontrakt med gud i 1978.[2]
Norske utgjevingar
[endre | endre wikiteksten]- Ankomsten
- Drama i Bayern (1987) av Tor Bomann-Larsen
- Ivar Aasen: ei historie om kjærleik (1996) av Erna Osland og Arild Midthun
- Monster-tetralogien
- Fotografen
- Rabbinerens katt
- Husfred
- Bygdegutar
- Ser du meg nå
- Munch (2013) av Steffen Kverneland
- Kjære Rikard
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 As, Trevor Van (16. november 2020), «What's The Difference Between Graphic Novels and Trade Paperbacks?», How To Love Comics (på engelsk), henta 17. mars 2024
- ↑ The Anatomy of Expression: Will Eisner and ‘A Contract With God’
- Denne artikkelen bygger på «Grafisk roman» frå Wikipedia på bokmål, den 17. mars 2024.