Hopp til innhald

Gråkragepetrell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gråkragepetrell
Gråkragepetrell ved Fiji Foto: Tom Tarrant
Gråkragepetrell ved Fiji
Foto: Tom Tarrant
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Gråkragepetrell
Utbreiinga av Gråkragepetrell
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Stormfuglfamilien Procellariidae
Slekt: Pterodroma
Art: Gråkragepetrell P. nigripennis
Vitskapleg namn
Pterodroma nigripennis

Gråkragepetrell (Pterodroma nigripennis) er ein sjøfugl i stormfuglfamilien som har hekketerritorium på øyar i subtropisk, sørvestre Stillehavet. Dette er ein trekkfugl som migrerer nord og aust i Stillehavet på den nordlege sommaren.

Gråkragepetrell er ein liten sjøfugl på 30 centimeter med kroppssvekt på ca. 175 gram. Oversida er lys grå med ein mørk grå M over vengene. Undersida er kvit, men med ei svart rand rundt vengekanten som endar i eit diagonalt band frå knoken mot kroppssida. Han har ein svart flekk under aug og nebbet er robust kort og svart.

Hekkeutbreiinga er på mange øyar i sørvestre Stillehavet, inklusive Lord Howe-øya i vest, øyar utanfor Ny-Caledonia og Norfolkøya, Tonga, Kermadec Islands, Chathamøyane og fleire andre så langt aust som i Fransk Polynesia. Gråkragepetrellane beitar i Stillehavet mellom Mexico og Japan utanom hekkesesongen, dei beitar om natta på småfisk, blekksprutar og krepsdyr som dei plukkar i overflata.

Storleiken på bestanden var estimert til mellom 8 og 10 millionar individ i 2004 og minkande på grunn av predasjon.[1]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. BirdLife International 2012

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gråkragepetrell