Gostivar
Gostivar Гостивар Gostivari | |||
---|---|---|---|
Frå sentrum av Gostivar | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Statistisk region |
Nord-Makedonia Polog | ||
Borgarmeister | Trifun Kostovski | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 1,341 km² | ||
Flatevidd - By |
513,39 km² | ||
Innbyggjarar[1] - By (2021) - folketettleik |
59 770 116,4/km² | ||
Koordinatar | 41°48′N 20°55′E / 41.800°N 20.917°E | ||
Høgd over havet | 240 m | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Diverse anna | |||
Postnummer | 1000 | ||
Telefon-retningsnummer | 02 | ||
Bilnummer | SK | ||
Heimeside: gostivar.gov.mk | |||
Plassering | |||
Plasseringa til Gostivar i Nord-Makedonia |
Gostivar (makedonsk Гостивар; albansk Gostivari) er ein by og ein kommune i den øvre Pologdalen i regionen Polog i Nord-Makedonia. Den noverande kommunen vart oppretta i 2002 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane Gostivar, Dolna Banjitsa, Vrutok, Srbinovo og Tsjegrane. Samstundes vart busetnaden Kjafa overført frå den tidlegare kommunen Oslomej og Brodets frå Mavrovi Anovi.
Kommunen hadde 59 770 innbyggjarar ved folketeljinga i 2021, medan sjølve byen hadde 33 814 innbyggjarar.[1]
Gostivar ligg ved foten av fjellet Šar Planina og elva Vardar renn gjennom byen. Byen har gode bil- og jernbanesamband til Tetovo, Skopje, Kitsjevo, Ohrid, og Debar. Ein moderne motorveg vart bygd i 1995 frå Gostivar til Tetovo.
Klokketårnet i byen er eit av dei viktigaste monumenta her, og vart bygd av osmanarane i 1566. Moskéen Beg Mahala vart bygd i 1688 av Ebu Bekir, sonen til pasja Kara Mustafa.
Busetnader i kommunen
[endre | endre wikiteksten]Dei største busetnadene i kommunen var i 2002:
Busetnad | Folketal 2002[2] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|
Gostivar | 35 847 | 33 814 |
Tsjegrane | 6 748 | 4 022 |
Gorna Banjitsa | 4 423 | 3 436 |
Dolna Banjitsa | 4 356 | 3 138 |
Debresje | 4 847 | 2 859 |
Forino | 4 652 | 2 809 |
Balin Dol | 2 501 | 2 059 |
Zdunje | 2 140 | 1 410 |
Tsjajle | 3 070 | 1 236 |
Belovisjte | 2 267 | 1 208 |
Raven | 1 615 | 1 116 |
Retsjane | 1 054 | 683 |
Vrutok | 1 127 | 640 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Gostivar» frå Wikipedia på engelsk, den 2. februar 2008.