Hopp til innhald

Glitnefeltet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Glitnefeltet er eit oljefelt i Nordsjøen. Glitnefeltet ligg kring 40 kilometer nordvest for Sleipnerfeltet. Havdjupna i området er 110 meter. Produksjons- og lagerskipet ”Petrojarl 1” er på Glitne knytt til fire produksjonsbrønnar og ein vassinjeksjonsbrønn. Statoil er operatør for Glitnefeltet.