Hopp til innhald

Girolamo Savonarola

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Girolamo Savonarola

Statsborgarskap Duchy of Ferrara, Den florentinske republikk
Fødd 21. september 1452
Ferrara
Død

23. mai 1498 (45 år)
Firenze

Yrke politikar, filosof, medlem av katolsk orden, skribent, predikant, teolog, reformator
Språk italiensk, latin
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Girolamo Savonarola på Commons

Girolamo Savonarola (21. september 145223. mai 1498) var ein italiensk botspredikant og reformator frå Ferrara. Han vart brent som kjettar i Firenze.

Samtidig madaljong av Savonarola

Savonarola var i 1490 lærar for munkane i dominikanarklosteret San Marco i Firenze, frå 1491 prior ved klosteret. Etter å ha studert Bibelen og Thomas Aquinas grundig, fekk han stort gjennomslag som botspredikant. Han snakka høgt om religiøst og moralsk forfall, og kom med profetiar om ein frykteleg straffedom mot folket.

I 1494 tolka bybuarane i Firenze som om profetiane skulle slå til, og Savonarola vart den øvste leiaren i byen. Fram til 1497 gjennomførte han eit teokratisk styre på demokratisk grunnlag.

Savonarola fekk mange fiendar, og vart lyst i bann av paven. Pest og økonomiske nedgangtider førte til at han mista tiltru. Han vart fengsla, dømd til døden, og brend på bålet etter førutgåande tortur.