Gapafjorden
Gapafjorden (òg Vestre Ombofjorden, Gabafjorden og Garpefjorden) er ein fjordarm av Nedstrandfjorden og Boknafjorden i Stavanger kommune i Ryfylke. Han ligg mellom Sjernarøyane i vest og øya Ombo i aust. Fjorden er 6 km lang og har innløp i nord mellom Slåttholmen i vest og Selodden i aust. Gapaskjeret ligg midt i innløpet. I sør går Gapafjorden ut i Finnøyfjorden, like vest for innløpet til Gardssundfjorden.
Av Sjernarøyane i vest grensar Gapafjorden til Bjergøy og Nord-Hidle. På Bjergøy ligg tettstaden Nesheim ved sida av fjorden. På Ombo-sida er det berre mindre busetnader, men lengst sør ligg Eidssund, som har ferjesamband til Nord-Talgje og Halsnøy. Frå Nesheim går det ferjer sørover til Nord-Hidle og nordover til Nedstrand på andre sida av Nedstrandfjorden.