Gabriel Øidne
Utsjånad
Gabriel Øidne | |||
Fødd | 11. februar 1918 | ||
---|---|---|---|
Død | 4. april 1991 | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | geograf, historikar | ||
Alma mater | Universitetet i Oslo |
Gabriel Øidne (fødd 11. februar 1918 i Konsmo, død 1991) var lektor, geograf og statsstipendiat frå Audnedal.
Han hadde artium frå 1938 og vart cand.philol. i 1951 på avhandlinga Audnedalen. Han arbeidde som lektor i Kristiansand frå 1959 til han vart utnemnd til statsstipendiat i 1973. Tidlegare hadde han vore stipendiat ved Norsk historisk kjeldeskriftinstitutt (1951-53) og ved NAVF 1955-59.
Forfattarskapen hans omfattar mellom anna Østkant og vestkant i Oslos politiske historie : sosial og politisk struktur i Oslo 1906-69 (1973) og artikkelen Litt om motsetninga mellom Austlandet og Vestlandet (Syn og Segn, 1957).