Fylkesveg 894
Fylkesveg 894 | |||
---|---|---|---|
894 | |||
Strekning | |||
Rundvatnet i Gamvik – Kjøllefjord i Lebeby | |||
Informasjon | |||
Lengd | 22,4 km | ||
Status | fylkesveg | ||
Fylkesveg 894 (Fv894) går mellom Rundvatnet i Gamvik kommune og Kjøllefjord i Lebesby kommune i Finnmark. Vegen er 22,4 km lang.
Fram til fylkesveg 888 over Hopseidet vart bygd, var dagens riksveg 894 vegsambandet til Nordkinnhalvøya. Vegen gjekk då frå Kalak med ferje til Kifjord og via Oksevågdalen og Rundvatnet til Mehamn. Etter at nyvegen kom, gjekk ferja mellom Kalak og Kifjord ein periode som beredskapsferje når vegen over Hopseidet var stengd på grunn av uvêr, men ferjesambandet er i dag heilt nedlagt. Strekninga til ferjeleiet på Kalak er nedgradert til kommunal veg, medan strekninga Kifjord-Oksevågdalen er nedgradert til fylkesveg.
Før 1. januar 2010 var vegen riksveg. Etter at forvaltingsreforma trod i kraft har han status som fylkesveg.
Kommunar og knutepunkt
[endre | endre wikiteksten]- 888 Rundvatnet
- Fv241 frå Oksevågdalen via Kifjord til Dyfjord (12,0 km)
- Endepunkt Kjøllefjord
- → Hurtigruta, bilar kan takast med.