Fulvio Collovati
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødselsdato | 9. mai 1957 (67 år) | ||
Fødestad | Teor i Italia | ||
Høgd | 182 cm | ||
Posisjon | Forsvarsspelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1976-1982 | Milan | 158 | (4) |
1982-1986 | Inter | 109 | (3) |
1986-1987 | Udinese | 20 | (2) |
1987-1989 | Roma | 45 | (1) |
1989-1993 | Genoa | 72 | (0) |
Totalt | 404 | (10) | |
Landslag | |||
1979-1986 | Italia | 50 | (3) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Fulvio Collovati (fødd 9. mai 1957) frå er ein tidlegare fotballspelar frå Teor i provinsen Udine i Italia. Han vart verdsmeister med Italia i 1982 og vann både cup- og seriemeisterskap med Milan. Collovati var midtstoppar.
Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Collovati spela i Milan frå 1976/77-sesongen og opplevde å verte italiensk cupmeister allereie i debutsesongen. To år seinare vart han italiensk seriemeister med klubben. Sesongen 1980/81 spela han sin einaste sesong i Serie B, ei fylgje av at Milan vart flytta ned som straff for si rolle i kampfiksingsaka Totonero. Etter seks sesongar i Milan gjekk han sommaren 1982 over til byrivalen Inter, der han spela fram til 1986. Sidan var han ein sesong i Udinese og to sesongar i Roma. Sommaren 1989 gjekk ferda vidare til Genoa. Collovati spela knappe fire sesongar i Genova, innan han la skorne på hylla som 35-åring. Til saman spela han 368 kampar i Serie A og skåra åtte mål.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Collovati debuterte på Italia sitt landslag i februar 1979, på heimebane i Milano vann Italia 3-0 over Nederland i ein vennskapslandskamp. Året etter var han på laget då Italia under EM i fotball 1980, på heimebane kom på fjerdeplass etter å ha tapt straffetevlinga 7-8 for Tsjekkoslovakia. Collovati utgjorde midtstopparduoen saman med Gaetano Scirea då Italia sommaren 1982 vart verdsmeistrar med 3-i i finalen over Vest-Tyskland under VM i fotball 1982 i Spania. Han var òg med i troppen til VM i fotball 1986 i Mexico. Der fekk han einast eit innhopp som innbytar i kampen mot Sør-Korea, hans 50. og siste opptreden i den italienske landslagstrøya. Collovati skåra tre landslagsmål, alle i 1980 og 1981.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- VM-gull 1982 for Italia
- EM-firar i 1980 for Italia
- Italiensk seriemeister 1979 med Milan
- Italiensk cupmeister 1977 med Milan
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Fulvio Collovati» frå Wikipedia på engelsk, den 29. juni 2012.