Frøyland og Orstad kyrkje
Frøyland og Orstad kyrkje | |||
kyrkje | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Stavanger | ||
Prosti | Jæren | ||
Sokn | Frøyland og Orstad | ||
Fellesråd | Klepp | ||
Arkitekt | Link Signatur | ||
Innvigd | 14. desember 2008 | ||
Stopul | Ja | ||
Kyrkjegard | Nei | ||
Døypefont | Kyrkja har både døypefont og dåpsbasseng | ||
Altartavle | Per Odd Aarrestad | ||
Sitjeplassar | 630 | ||
Frøyland og Orstad kyrkje 58°47′16″N 5°43′14″E / 58.78763889°N 5.72044444°E |
Frøyland og Orstad kyrkje ligg i tettstaden Orstad i Klepp kommune, nær grensa til Time kommune, og tettstaden Kvernaland, i Rogaland. Kyrkja vart innvigd 14. desember 2008 og har plass til 630 menneske. Kyrkja er den første i Den norske kyrkja som har ein kyrkjelyd som strekk seg over to kommunar, og den første kyrkja i Den norske kyrkja med dåpsbasseng. Kyrkja er bygd i ei svak amfiform, noko som gjer oversikten bra frå hele kyrkjesalen.
Vinteren 2006 starta gravinga for det nye kyrkjebygget, og bygginga tok to år. Utgiftene til bygginga av kyrkja vart delte likt mellom Klepp og Time kommunar: Kvar av dei betalte 21 millionar. I tillegg vart det samla inn om lag 10 millionar kroner, og det vart lagt ned dugnadsarbeid for om lag same summen. Til saman kom kyrkja på 62,5 millionar kroner.
Kunst
[endre | endre wikiteksten]Altartavla er laga av Per Odd Aarrestad. I våpenhuset er det kunst av Tor Lindrupsen. Eit kapell er dekorert av Reidun Rugland.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Frøyland og Orstad kirke» frå Wikipedia på bokmål, den 12. september 2019.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Frøyland og Orstad kirke på Kyrkjesøk