Forbrenningsmotor
Ein forbrenningsmotor er ei varmekraftmaskin som omsett kjemisk energi i drivstoff til mekanisk arbeid ved hjelp av kontrollert forbrenning.
Klassifisering
[endre | endre wikiteksten]Det finst mange ulike forbrenningsmotorar, som kan klassifiserast på ulike måtar. Ei vanleg klassifisering er å dela dei inn i to hovudgrupper: motorar med utvendig forbrenning og motorar med innvendig forbrenning. Desse to hovudgruppene kan så klassifiserast vidare, som til dømes:
- Motorar med utvendig forbrenning
- Open krins
- Lukka krins
- Motorar med innvendig forbrenning
- Motorar med periodisk forbrenning
- Motorar med kontinuerleg forbrenning
For å letta oversyner er finare klassifiseringar plassert i underartiklane som handlar om dei ulike motortypane.
Historisk oversyn
[endre | endre wikiteksten]Det historiske oversynet under er stort sett berre ei opplisting av datoar, som er meint å gje eit raskt oversyn over dei ulike oppfinningane og utviklinga innan forbrenningsmotorteknologi. Artiklane som handlar om dei ulike motortypane har meir utfyllande stoff om soga til motorane dei handlar om.
År | Utvendig forbrenning | Innvendig forbrenning | Oppfinning | ||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Open krins (damp) | Lukka krins | Trykk | Reaksjon | ||||
Stempel | Reaksjon | Lukka | Stempel | Turbin/jet | Rakett | ||
50 | Reaksjon | Heron av Alexandria eksperimenterte med ein roterande dampjetmotor, kjent som Eolipile | |||||
1206 | Stempel | Al-Jazari fann opp ei dobbeltverkande stempelpumpe med veivaksel og råde | |||||
1232 | Rakett | Kinesarane nytta krutrakettar for å forsvara seg mot mongolske åtak | |||||
1241 | Rakett | Mongolane nytta rakettar (som kinesiske vitskapsmenn hadde laga for dei) mot ungarane under åtaket på Sejo | |||||
1243 | Rakett | Det osmanske riket fekk tilgang på rakettar (truleg frå mongolane) | |||||
1258 | Rakett | Mongolane nytta rakettar under åtaket på Bagdad | |||||
1268 | Rakett | Arabarane nytta rakettar for å forsvara seg mot franske åtak | |||||
1509 | Reaksjon | Taqi al-Din beskreiv eit dampdrive grillspyd[1] | |||||
1551 | Stempel | Leonardo da Vinci foreslo ein forbrenningsmotor (utan kompresjon) | |||||
1609 | Stempel | Giambattista della Porta eksperimenterte med ei dampdriven vasspumpe | |||||
1615 | Stempel | Salomon de Caus publiserte eit vitskapeleg verk[2] der han mellom anna tok for seg ekspansjon og kondensasjon av damp | |||||
1629 | Reaksjon | Giovanni Branca beskreiv ein dampturbin[3] | |||||
1633 | Rakett | Lagari Hasan Çelebi nytta ein krutrakett for å flyga over Bosporos. Han var utstyrt med venger og landa ved glideflukt. Ferda tok rundt 300 sekund og maksimalhøgda vart vurdert til om lag 300 m | |||||
1663 | Stempel | Edward Somerset eksperimenterte med ei dampdriven vasspumpe | |||||
1673 | Stempel (atm. tr.) | Abbé Hautefeuille foreslo ein forbrenningsmotor som nytta krut som drivstoff, for å pumpa vatn. Prinsippet var å nytta atmosfæretrykket til å lyfta vatnet ved at det oppstod undertrykk i sylinderen når gassen vart avkjølt etter eksplosjonen [4] | |||||
1678 | Stempel (atm. tr.) | Christiaan Huygens eksperimenterte med ein krutdriven undertrykkstempelmotor. I fylgje [4] fekk Huygens motoren til å fungera og demonstrerte han i 1680 | |||||
1678 | Stempel | John Trust utførte eksperiment som bygde på arbeidet til Edward Somerset | |||||
1690 | Stempel | Denis Papin eksperimenterte med ein dampsylinder. | |||||
1698 | Thomas Savery bygde ei dampdriven vasspumpe, utan stempel, for å pumpe vatn ut av gruver | ||||||
1600-talet | Stempel (atm. tr.) | Samuel Morland eksperimenterte med å nytta krut for å generera undertrykk for å lyfta vatn | |||||
1712 | Stempel | Thomas Newcomen bygde ei dampdriven vasspumpe med stempel og sylinder for å pumpe vatn ut av ei gruve | |||||
1763 | Stempel | James Watt laga ein forbetra verson av dampmaskina til Newcomen | |||||
1769 | Stempel | James Watt fekk patent på ein kondensator, som førte til at dampmaskinane vert meir effektive | |||||
1771 | Stempel | Joseph Cugnot bygde ein dampdriven lastebil | |||||
1776 | Stempel | James Watt bygde ei dampdrive vasspumpe i stor skala | |||||
1780 | Stempel | James Watt fann opp den dobbeltverkande dampmaskina | |||||
1780 | Stempel | Alessandro Volta nytta ein elektrisk gnist til å tenna ei luft-hydrogen-blanding[5] | |||||
1782 | Stempel | James Watt bygde ei dobbeltverkande dampmaskin. | |||||
1788 | Stempel | James Watt fann opp sentrifugalregulatoren | |||||
1791 | Turbin | John Barber fekk patent på og bygde ein primitiv gassturbin | |||||
1792 | Rakett | Kong Tipu Sultan av Mysore (no ein del av India) nytta støypejarnsrakettar for å forsvara seg mot åtak frå Det britiske Ostindiske kompaniet under Dei anglo-mysorske krigane | |||||
1794 | Stempel | Robert Street fekk patent på ein forbrenningsmotor (utan kompresjon) som nytta terpentin- eller oljedamp | |||||
1799 | Stempel | Richard Trevithick utvikla ein høgtrykksdampkjel, som gjorde kondensatorkammeret til Watt overflødig | |||||
1801 | Lukka | Philippe Lebon fekk patent på ein dobbeltverkande gassmotor (utan kompresjon) | |||||
1806 | Stempel | François Isaac de Rivaz konstruerte ein stempelmotor som gjekk på ei blanding av hydrogen og oksygen | |||||
1816 | Lukka | Robert Stirling fann opp ein varmluftsmotor (stirlingmotoren) | |||||
1820 | Stempel (atm. tr.) | W. Cecil publiserte eit framlegg til ein stempelmotor som nytta hydrogen som drivstoff. Det var atmosfæretrykket som utførte arbeid når gassen i sylinderen vart avkjølt etter forbrenninga [4] | |||||
1823 | Stempel | Whright fekk patent på ein dobbeltverkande gassmotor med sentrifugalregulator [4]. | |||||
1823 | Stempel (atm. tr.) | Samuel Brown fekk patent på og bygde ein gassmotor [4] | |||||
1826 | Stempel (atm. tr.) | Samuel Morey fekk patent på og bygde ein motor som nytta terpentin son drivstoff | |||||
1838 | Stempel | William Barnett fekk patent på ein gassmotor som i tillegg til arbeidssylinderen hadde to andre sylindrar som komprimerte lufta og gassen før dei vart blanda. Motoren hadde ikkje kompresjon, men gassen som strauma inn i sylinderen hadde overtrykk [4] | |||||
1843 | Stempel | Drake bygde ein gassmotor som gjekk på lampegass. Turtalet var på 160 o/min og effekten på rundt 20 hk [4] | |||||
1854 | Stempel (atm. tr.) | Barsanti og Matteucci bygde ein gassmotor som vart installert på Maria Antonia jarnbanestasjon i Firenze. | |||||
1860 | Stempel | Jean-Joseph Étienne Lenoir tok patent på ein totakts gassmotor med innvendig forbrenning, men utan kompresjon. Lenoir testa motoren i ein primitiv bil.[6] Motorane til Lenoir er rekna som dei fyrste som var brukbare i praksis, sjølv om dei hadde svært dårleg verkningsgrad. | |||||
1860 | Stempel | Christian Reithmann fekk patent på firetaktsmotoren | |||||
1862 | Stempel | Alphonse Beau de Rochas publiserte ei utgreiing om det termodynamiske prinsippet som ligg til grunn for firetaktsmotoren. | |||||
1863 | Stempel | Jean-Joseph Étienne Lenoir utvikla ein forgassar og prøvekøyrer ein bil med forbrenningsmotor for flytande drivstoff[6] | |||||
1870 | Stempel | Siegfried Marcus bygde ein totaktsmotor utan kompresjon, etter same mønster som Lenoir. Han monterte motoren i ei vogn. | |||||
1877 | Stempel | Nikolaus August Otto tok patent på ein firetaktsmotor med innvendig forbrenning, med kompresjon (patentet vart seinare oppheva, etter ei rettssak) | |||||
1878 | Stempel | Dugald Clerk laga den fyrste totaktsmotoren med kompresjon, med ein mekanisk kompressor som spylte ut eksosen og fylte sylinderen med luft via ein tilbakeslagsventil i sylindertoppen[7] | |||||
1882 | Stempel | George Brayton bygde ein motor som gjekk på parafin, med ein separat sylinder for kompresjon. Motoren hadde låg verkningsgrad | |||||
1884 | Turbin | Ægidius Elling fekk patent på ein gassturbin. Charles Algernon Parsonsl bygde ein gassturbin | |||||
1888 | Stempel | Joseph Day laga ein totaktsmotor med kompresjon som nytta trykket i veivhuset til å fylla sylinderen | |||||
1890 | Stempel | Herbert Akroyd Stuart tok patent på og bygde den fyrste firetakts glødehovudmotoren [8] | |||||
1892 | Stempel | Rudolf Diesel tok patent på dieselmotoren | |||||
1898 | Stempel | Carl W. Weiss konstruerte den fyrste totakts glødehovudmotoren | |||||
1903 | Turbin | Ægidius Elling bygde den fyrste gassturbinen som kunne levera nytteffekt. Effekten var 8 kW (11 hk) | |||||
1903 | Rakett | Konstantin Eduardovitsj Tsiolkovskij publiserte rakettlikninga og foreslo å nytta hydrogen og oksygen som drivstoff | |||||
1906 | Jet | Rene Lorin fann opp motorjet | |||||
1908 | Jet | Victor de Karavodine utvikla grunnlaget for reaksjonsmotorar | |||||
1910 | Jet | Henri Coandă bygde det fyrste jetflyet. Det nytta ein motorjet | |||||
1919 | Rakett | Robert Goddard publiserte A Method of Reaching Extreme Altitudes[9], som la gunnlaget for mykje av moderne raketteknologi. | |||||
1923 | Rakett | Hermann Oberth publiserte Die Rakete zu den Planetenräumen[10], som la gunnlaget for mykje av moderne raketteknologi | |||||
1929 | Stempel | Felix Wankel tok patent på wankelmotoren | |||||
1932 | Jet | Frank Whittle tok patent på turbojetmotoren | |||||
1937 | Jet | Det fyrste jetflyet tok av den 12. april i Storbritannia | |||||
1939 | Jet | Hans von Ohain bygde og testa den fyrste turbojetmotoren | |||||
1970-talet | Stempel | Ein fekk elektronisk kontrollert tenning i bilmotorar | |||||
1980-talet | Stempel | Det elektroniske tenningssystemet vart forbetra for å minske forureining | |||||
1980-talet | Stempel | Ein fekk elektronisk drivstoffinnsprøyting på bensinmotorar til bil | |||||
1990-talet | Stempel | Ein fekk hybridkøyretøy som nyttar seg av både ein forbrenningsmotor og ein elektrisk motor |
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ al-Din, T., Al-Turuq al-samiyya fi al-alat al-ruhaniyya, 1551.
- ↑ de Caus, S.Les Raisons des forces mouvantes, 1615.
- ↑ Branca, G., Le machine, Roma, 1629.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 The Early History of Combustion Engines', University of Cambridge, Department of Engineering. (vitja 19/4-2008)
- ↑ Electric pistol, Volta's instruments. (vitja 19/4-2008)
- ↑ 6,0 6,1 Hütten, H., Motoren - Technik - Praxis - Geschichte, 10. utg., Motorbuch Verlag, 1997.
- ↑ Vivian, E.C., The Two-Stroke Cycle Engine Arkivert 2007-09-22 ved Wayback Machine., World wide school library. (vitja 21/4-2008).
- ↑ Hooley, R., The Akroyd Oil Engine Arkivert 2011-05-24 ved Wayback Machine., Ray Hooley's - Ruston-Hornsby - Engine Pages. (Ref. dato: 22/9-2007)
- ↑ Goddard , R., A Method of Reaching Extreme Altitudes, Smithsonian Institution, 19919.
- ↑ Oberth , H., Die Rakete zu den Planetenräumen, 1923.