Hopp til innhald

Fjellprydfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fjellprydfamilien
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrike: Viridiplantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Lyngordenen Ericales
Familie: Fjellprydfamilien Diapensiaceae
Lindl., 1836

Fjellprydfamilien (Diapensiaceae) er ein plantefamilie som høyrer til ordenen Ericales. Han omfattar 15 artar i 6 planteslekter.[1] Fjellpryd (Diapensia lapponica) er vanleg i fjellet i Noreg på tørre og skrinne rabbar, men manglar i dei sørlegaste fjellområda.[2]

Plantar i denne slekta har lita økonomisk tyding, men nokre av dei blir dyrka av blomehandlarar.[3]

Dei fleste plantane i familien finst i Nord-Amerika og Aust-Asia.[3]

Slekt Distribution[4]
Berneuxia Tibet, Sør-Kina og Myanmar
Diapensia Hovudsakleg fjell i Sør-Asia. Diapensia lapponica har sirkumboreal utbreiing.
Galax Austlege USA
Pyxidanthera Austlege USA
Shortia Austlege USA, Kina og Taiwan
Schizocodon Japan
  1. Stevens, P. F. «Angiosperm Phylogeny Website. Version 14, July 2017». Henta 29. januar 2019. 
  2. Lid, J. & D. T. Lid 2005. Norsk flora, 7. utg., Red.:R. Elven, Samlaget, Oslo.
  3. 3,0 3,1 Scott, P. J. (2004). «Diapensiaceae». Flowering Plants Dicotyledons Part of the Families and Genera of Vascular Plants Book Series (Families Genera 6): 117–121. 
  4. Palser, Barbara F. (1963). «Studies of Floral Morphology in the Ericales VI. The Diapensiaceae». Botanical Gazette 124 (3): 200–219. doi:10.1086/336193. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]