Hopp til innhald

Filmserien Olsenbanden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olsenbanden
RegiKnut Bohwim

Ove Kant

Knut Andersen
Basert påOlsen-Banden (dansk filmserie)
Hovudrolle(r)Arve Opsahl

Sverre Holm

Carsten Byhring
ProduksjonsselskapTeamfilm AS (film nr. 1-13) Nordisk Film og TV2 Norge (film nr. 14)
OpphavslandNoreg Sjå dette på Wikidata
Sjangerransfilm Sjå dette på Wikidata

Olsenbanden er ein norsk filmserie på totalt 14 filmar som handlar om dei tre kjeltringane Egon Olsen, Benny Fransen og Kjell Jensen. Filmane er komediar og skildrar banden sine mange feilslåtte forsøk på kupp.

Dei 13 fyrste filmane vart produsert av det private produsjonsselskapet Teamfilm AS, medan den siste filmen vart produsert av Nordisk Film og TV2 Norge. Knut Bohwim regisserte tolv av filmane, medan Ove Kant og Knut Andersen regisserte høvesvis Olsenbanden og Dynamitt-Harry og Olsenbandens siste bedrifter.[1]

Den fyrste filmen, Olsenbanden - Operasjon Egon, var av ein meir erotisk karakter enn filmane som kom seinare i filmserien, og fekk difor óg ei høgare aldersgrense.[2] På tross av dette vart filmen ein suksess blant publikum, og den vart sett av 523 000 nordmenn på kino.[3] Filmen er basert på den danske originalversjonen Olsen-Banden frå 1968, og baserar seg på manusskriptet av Erik Balling og Henning Bahs.

Knut Bohwim fekk sjå den danske originalfilmen Olsen-Banden gjennom ein bekjent som jobba i distributøren av Nordisk Film sine norske filmar.[4] Etter å ha sett den danske filmen meinte Bohwim at den ikkje ville slå ann i Noreg utan at ein spelte den inn på nytt, med norske skodespelarar. Bohwim og Teamfilm tok difor kontakt med Nordisk Film og fekk ein avtale der dei kunne laga ei nyinnspeling med norske skodespelarar.

Innspelinga av Olsenbanden - Operasjon Egon byrja i midten av mai 1969 og filmen hadde premiere berre tre månader seinare, i august.

År Regissør Manusforfattar Produsent Basert på Antal besøkande på kino Budsjett
1969 Olsenbanden - Operasjon Egon Knut Bohwim Teamfilm 523 000[3] 385 000 NOK[5] 3 200 000 NOK
1970 Olsenbanden og Dynamitt-Harry Ove Kant
1972 Olsenbanden tar gull Knut Bohwim
1973 Olsenbanden og Dynamitt-Harry går amok
1974 Olsenbanden møter Kongen & Knekten
1975 Olsenbandens siste bedrifter Knut Andersen
1976 Olsenbanden for full musikk Knut Bohwim
1977 Olsenbanden og Dynamitt-Harry på sporet
1978 Olsenbanden og Data-Harry sprenger verdensbanken 271 777[6]
1979 Olsenbanden og Dynamitt-Harry mot nye høyder 303 884
1981 Olsenbanden gir seg aldri! 243 749
1982 Olsenbandens aller siste kupp!
1984 ... men Olsenbanden var ikke død!
1999 Olsenbandens siste stikk Nordisk Film og TV2 Norge 324 467[7] 17 085 000 NOK

Karakterar i filmane

[endre | endre wikiteksten]

Liste over alle karakterane som har tre eller fleire framsyningar i filmserien.

Film
1

Operasjon Egon

2

og Dynamitt-Harry

3

tar gull

4

og Dynamitt-Harry går amok

5

møter Kongen & Knekten

6

siste bedrifter

7

for full musikk

8

og Dynamitt-Harry på sport

9

og Data-Harry sprenger verdensbanken

10

og Dynamitt-Harry mot nye høyder

11

gir seg aldri!

12

aller siste kupp!

13

... men Olsenbanden var ikke død!

14

siste stikk

Egon Olsen Arve Opsahl
Benny Hansen Sverre Holm
Kjell Jensen Carsten Byhring
Valborg Jensen Aud Schønemann
Dynamitt-Harry Harald Heide-Steen jr. Harald Heide-Steen jr. Harald Heide-Steen jr. Harald Heide-Steen jr.
Basse Jensen Pål Johannessen Pål Johannessen
Kriminalbetjent Hermansen Sverre Wilberg Sverre Wilberg
Kriminalassistent Holm Øivind Blunck Anders Hatlo
Konstabel Blom Oddbjørn Hesjevoll Ulf Wengård Ulf Wengård
Biffen Torgils Moe Torgils Moe Ove Verner Hansen Ove Verner Hansen Ove Verner Hansen
Kongen Henki Kolstad Henki Kolstad Henki Kolstad Henki Kolstad
Kriminalsjef Georg Richter Wilfred Breistrand Wilfred Breistrand
  1. «Filmregissør Knut Andersen er død», www.aftenposten.no (på norsk bokmål), henta 17. februar 2021 
  2. «Olsenbanden 50 år: Derfor droppet de dristige damer», www.vg.no (på norsk bokmål), henta 17. februar 2021 
  3. 3,0 3,1 Lanserer hyllestbok til Olsenbanden – KM (på norsk bokmål), henta 17. februar 2021 
  4. «God helg». NRK. 11. august 2019. 
  5. Marius Henriksen (2016). Norsk og dansk filmhistorie. Oslo: Universitetet i Oslo. 
  6. Randi Østvold (2013). Tidsskriftet «Filmavisa»1977-1981. Lillehammer: Høgskolen i Lillehammer. 
  7. Terje Linchausen Christiansen (16. juni 2020). Etter Norsk Film A/S - Fra kulturoppdrag til markedsøkonomi?. Oslo: Universitetet i Oslo.