Fiji-hindi
Utsjånad
Fiji-hindi Fiji Hindī फ़ीजी हिन्दी | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk Indoiransk Indoarisk | |
Bruk | ||
Tala i | Fiji Australia New Zealand USA Canada | |
Fiji-hinditalande i alt | 380 000 på Fiji[1] | |
Skriftsystem | Det latinske alfabetet og devanagari | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | hif | |
Wikipedia på fiji-hindi |
Fiji-hindi eller fijiansk hindi er eit indo-arisk språk som er morsmålet til 313 000 fijianarar av indisk opphav. Språket blir hovudsakleg tala på Fiji, men òg i utvandrarmiljø andre stader i verda.
Språket skil seg mykje frå standard hindi slik det finst i India, og tilhøvet mellom dei to språka kan samanliknast med det mellom nederlandsk og afrikaans. Fiji-hindi er danna av austlege hindidialekter (bhojpuri og awadhi) med mange engelske og fijianske ord. Det har også ein stillehavsaksent.
I nyare tid, på grunn av politiske omveltingar på Fiji, har mange fiji-indarar emigrert til Australia, New Zealand, USA og Canada og teke fiji-hindi med seg.