Fernando Torres
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Fernando José Torres Sanz | ||
Fødd | 3. august 1984 | ||
Fødestad | Fuenlabrada | ||
Høgd | 185 cm | ||
Posisjon | Angrepsspelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Chelsea | ||
Nummer | 9 | ||
Ungdomsklubbar | |||
1995-2001 | Atlético Madrid | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2001-07 2007-11 2011- |
Atlético Madrid Liverpool Chelsea |
214 (82) 102 (65) 110 (20) | |
Landslag | |||
2002-03 2003- |
Spania U21 Spania |
10 (3) 107 (37) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 11. mai 2014 ‡ Landslagsmål oppdatert 30. mai 2014 |
Fernando José Torres Sanz (fødd 20. mars 1984 i Fuenlabrada i Madrid-regionen) er ein spansk fotballspelar, som har spela i angrep for Chelsea i engelsk Premier League, og det spanske landslaget. Han spelte for Liverpool frå 2007 til 2010 og var toppskåraren deira i Premier League i 2007/08- og 2009/10-sesongen. Med Chelsea har han vore med på vinna FA-cupen (2012), Europaligaen (2013) og den europeiske Meisterligaen (2012). Han debuterte for landslaget 6. september 2003 i ein vennskapskamp mot Portugal. Han tok del i Spania sine troppar til EM og VM i 2004, 2006, 2008, 2010, 2012 og 2014. I 2008 vart han matchvinnar i EM-finalen då Spania vart europameistrar. I fotball-VM i 2010 spelte han i alle Spania sine sju kampar då dei vart verdsmeistrar. I fotball-EM i 2012 spelte han i fem av Spania sine seks kampar då dei igjen vart europameistrar. Han vart delt toppskårar i turneringa, med tre mål. Mellom anna skåra han 3-0-målet i Spania sin 4-0-siger over Italia i EM-finalen.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]