Fernanda Ribeiro
Fernanda Ribeiro | |
Statsborgarskap | Portugal |
Fødd | 23. juni 1969 (55 år) Penafiel |
Yrke | maratonløpar, langdistanseløpar |
Språk | portugisisk |
Høgd | 161 centimeter |
Fernanda Ribeiro på Commons |
Maria Fernanda Moreira Ribeiro (fødd 23. juni 1969) er ein portugisisk tidlegare langdistaneløpar frå Penafiel. Ho vann gull på 10000 meter under EM 1994, VM 1995 og OL 1996. Ribeiro har delteke i rad ulike meisterskap der løping har stått på programmet, mellom anna terrengløp og stafettmeisterskap over lengre distansar, og skal ha vunne til saman 40 internasjonale medaljar.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Frå 1986 til 1993 deltok Ribeiro på lengre distansar i samtlege internasjonale store meisterskap, utan å markere seg. Derimot markerte ho seg til gagns under friidretts-EM 1994 i Helsinki, der ho vart europameister på 10000-meteren, 24 sekund føre landskvinna Conceição Ferreira. Frå den tid var Ribeiro alltid å rekne med i kampen om medaljane i dei store meisterskapane. Året etter EM-triumfen i Helsinki gjorde ho i Hechtel sitt livs snøggaste 5000-meterløp med tida 14.36,4. Ho lukkast så å vinne 10000 m under VM i friidrett 1995 i Göteborg, og å ta sølvmedaljen på 5000 meter. På milløpet sprang ho frå etiopiske Derartu Tulu på sisterunden, men på den halve distansen måtte ho sjølv sleppe irske Sonia O’Sullivan på oppløpet.
Under dei olympiske leikane 1996 i Atlanta vann Ribeiro gullmedaljen på 10000 m etter å ha vunne over kinesiske Wang Junxia i spurten. Frå verdsmeisterskapen 1997 i Aten fekk Ribeiro med seg ein bronsemedalje på 5000 meter og sølvmedaljen på 10000 meter. På 5000-meteren vart ho slått i spurten av rumenske Szabo og Roberta Brunet frå Italia, på milla var ho sjanselaus mot kenyanske Sally Barsosio. Også i friidretts-EM 1998 i Budapest vart Ribeiro sølvvinnar på 10000 meter, like framom rumenske Lidia Şimon.
I sin siste internasjonale sesong som baneløpar, OL-sesongen 2000, sikra Ribeiro seg bronsemedaljen på 10000 meter under sommarleikane 2000 i Sydney, bak dei etiopiske løparane Derartu Tulu og Gete Wami. Tida 30.22,8 var og er Ribeiro sin personlege rekord på 10000 meter.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- EM 1986 i Stuttgart: Utslått i kvalifiseringa på 3000 m (9.32,6 =nr 25)
- VM 1987 i Roma: Utslått i kvalifiseringa på 3000 m (9.01,1 =nr 24)
- OL 1988 i Seoul: Utslått i kvalifiseringa på 3000 m (9.05,9 =nr 26)
- EM 1990 i Split: Utslått i kvalifiseringa på 3000 m (9.11,3 =nr 19)
- VM 1991 i Tokyo: Utslått i kvalifiseringa på 3000 m (9.01,9 =nr 22)
- OL 1992 i Barcelona: Utslått i kvalifiseringa på 3000 m (9.07,6 =nr 26)
- VM 1993 i Stuttgart: Nr 10 på 10000 m – 31.40,5
- EM 1994 i Helsinki: Gullmedalje på 10000 m – 31,08,7, framom Conceição Ferreira (31.32,8)
- VM 1995 i Göteborg: Gullmedalje på 10000 m – 31.04,9, og sølvmedalje på 5000 m (14.48,5)
- OL 1996 i Atlanta: Gullmedalje på 10000 m – 31,01,6, framom Wang Junxia (31.02,5)
- VM 1997 i Aten: Sølvmedalje på 10000 m – 31.39,1, og bronsemedalje på 5000 m (14.58,8)
- EM 1998 i Budapest: Sølvmedalje på 10000 m – 31,32,3, bakom Sonia O’Sullivan (31,29,3)
- OL 2000 i Sydney: Bronsemedalje på 10000 m – 30.22,8, bakom Gete Wami (30.22,4)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Fernanda Ribeiro» frå Wikipedia på engelsk, den 27. september 2015.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1969
- Portugisiske langdistanseløparar
- Europameistrar i friidrett for Portugal
- Verdsmeistrar i friidrett for Portugal
- Olympiske meistrar for Portugal
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Portugal
- Portugisiske deltakarar under sommar-OL 1988
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988
- Portugisiske deltakarar under sommar-OL 1992
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1996
- Portugisiske deltakarar under sommar-OL 1996
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2000
- Portugisiske deltakarar under sommar-OL 2000
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000
- Portugisiske deltakarar under sommar-OL 2004
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004