Erik Bye
Erik Bye | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1. mars 1926 Brooklyn |
Død |
13. oktober 2004 (78 år) |
Yrke | journalist, visesanger, skodespelar, lyrikar, plateartist, programleiar, radioprogramleiar |
Sjanger | vise |
Far | Erik Bye |
Ektefelle | Tove Bye |
Erik Bye på Commons |
Erik Erikssøn Bye (1. mars 1926–13. oktober 2004) var ein norsk songar, journalist og programleiar i fjernsyn.
Erik Bye vart karakterisert som ein høvding i norsk kulturliv, og var involvert i fleire av dei tidlegaste fjernsynsprogramma i NRK. I samarbeid med Willy Andresen skreiv han ei rad melodiar.[1]
Erik Bye vekte stor oppsikt då han lét ei gruppe psykisk utviklingshemma barn og ungdommar opptre med Folk og røvarere i Kardemomme by på norsk fjernsyn, noko som aldri var gjort tidlegare. Han mottok i ettertid eit brev der ei mor med eit eige psykisk utviklingshemma barn takka han fordi han framstilte dei på ein verdig måte. Han gjorde ein stor innsats for Redningsselskapet gjennom store delar av livet sitt, og fekk nokre år før han døydde honnør for dette langvarige arbeidet ved å oppleve at ei redningsskøyte vart oppkalla etter seg.
Han hadde Master of Arts i faga engelsk, journalistikk og dramaturgi frå University of Wisconsin (1953). Han var journalist i Associated Press (1953-1955), BBC si norske avdeling (1955-1958), og sidan i NRK.
Bye var fødd i Brooklyn i New York i USA. Han var son av Rønnaug Dahl og operasongaren Erik Ole Bye. Han var seinare gift med Tove Bye og busett i Asker.
Dokumentarfilmen Giganten (2005) skildrar Byes tre siste leveår og den siste offentlege opptredenen hans.
Prisar
[endre | endre wikiteksten]Erik Bye var Riddar av St. Olavs Orden og han fekk ei rad prisar i inn- og utland, blant andre
- Norsk Lytterforenings pris 1964
- Narvesenprisen 1967
- Spellemannprisen 1972 i klassen mannleg artist
- Peer Gynt-prisen i 1974
- Juryens heiderspris under Spellemannprisen 1978
- Gammleng-prisen 1988
- Årets verk 1988 for Utflaggingsvalsen.
- Fritt Ord-prisen 1989
- Alf Prøysens Ærespris 1989
- Cappelenprisen 1993
- Norsk kulturråds ærespris 1993
- Kardemommestipendet frå NOPA i 1995
- Skjæraasenprisen 2000
- Spellemannprisen 2003 i klassen vise for albumet I dur og brott (med Marinemusikken)
- Edvard-prisen 2004 i klassen Tekst til musikk for Men når regnet en gang kommer.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Bye, Erik: Venners viser og egne vers (1963)
- Bye, Erik: Munnspill under åpen himmel (1966)
- Bye, Erik: Spinn mitt hjul (1971)
- Bye, Erik: Jeg vet en vind (1973)
- Bye, Erik: Kompasset rundt (1980)
- Bye, Erik: Å skyte en teddybjørn (1987)
- Bye, Erik: Fløyterens hjerte (1993/1995)
- Bye, Erik: Tilbake til sangene (1994)
- Bye, Erik: Munnspill under åpen himmel (ny utgåve) (1996)
- Bye, Erik: Vinterlys (2001)
- Bye, Erik: Byes beste (2004)
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- Vi går om bord (1960)
- Erik Bye Synger Skjæraasen (1966)
- Jeg Vet en Vind (1972)
- Gjensyn (1974) samlealbum
- Gammel Er Min Fjord (1974)
- Blow Silver Wind (1976)
- En Dobbel Deylighet (1978) Saman med Birgitte Grimstad
- Norske Folketoner (1978)
- Vandring på Vår Herres Klinkeule (1985)
- Langt Nord i Livet (1994)
- En sang under skjorta- Et Visevalg Fra Skattkammeret (1995) samlealbum
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ biografi Arkivert 2006-10-19 ved Wayback Machine. frå Norsk Musikkinformasjon (6.8.06)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Einskildmenn
- Fødde i 1926
- Døde i 2004
- Norske musikarar
- Norske forfattarar
- Norske songarar
- Programleiarar for NRK
- St. Olavs Orden
- Folk frå Asker
- Forfattarar frå Akershus
- Vinnarar av Norsk kulturråds ærespris
- Vinnarar av Spellemannprisen
- Mottakarar av Fritt Ords Pris
- Vinnarar av Cappelenprisen
- Vinnarar av Skjæraasenprisen
- Vinnarar av Alf Prøysens Ærespris